256px|mini|Aurora, måla av Guercino. Aurora var i romersk mytologi gudinne for morgongryet. Namnet hennar er brukt som kvinnenamn og om naturfenomenet polarlys.

Gudinna Aurora var ei ung gudinne som fornya seg sjølv kvar morgon og reid over himmelen med bod om at dagen kom. Ho hadde ein ektemann, Tithonus, som opphavleg var døyeleg. Aurora bad Zevs om å gjera han udøyeleg, men gløymde å be om at han skulle få evig ungdom, derfor ende Tithonus opp med å aldrast i all æve.

Gudinna var syster til sola og månen og mor til dei fire vindane.

Ho kan liknast med Eos i gresk og Usjas i vedisk mytologi.

Namneberarar

Aurore Tisell, svensk forfattar Aurore Clément (f. 1945), fransk skodespelar Aurora Brønstad (f. 1967), norsk veterinær og forskar Aurora Aksnes (f. 1996), norsk songar og låtskrivar

Annan bruk av namnet Me finn att namnet i aurora borealis og aurora australis, andre namn for nordlys og sørlys. Aurora Leigh er ein roman frå 1856 av Elizabeth Barrett Browning.

Stader Aurora i Colorado Aurora i Illinois

Kategori:Morgon Kategori:Solgudar Kategori:Romerske gudar Kategori:Kvinnenamn Kategori:Førenamn av latinsk opphav