Gustav Noske () var ein tysk politikar for SPD. Han var tysk forsvarsminister frå 1919 til 1920, som den første forsvarsministeren i Weimarrepublikken og i Tyskland på føderalt nivå overhovudet.

Noske var ein moderat og sentrumsorientert sosialdemokrat, og var medlem av den tyske Riksdagen frå 1906 til 1918, og av den forfatningsgivende nasjonalforsamlinga i Weimar i 1919.

Han er mellom anna kjend for å ha slått ned spartakistoppreisten i Berlin og andre kommunistiske oppreister (m.a. i München og Bremen) i 1919 med hjelp frå frikorpsa.

Frå 1920 til 1933 var han overpresident (guvernør) for den prøyssiske provinsen Hannover. I samband med 20. juli-attentatet vart han arrestert og send i konsentrasjonsleir.

Publikasjoner (utval) Kolonialpolitik und Sozialdemokratie, Stuttgart 1914 zusammen mit Adolph Koester: Kriegsfahrten durch Belgien und Nordfrankreich 1914, Berlin 1914 Von Kiel bis Kapp. Zur Geschichte der deutschen Revolution, Berlin 1920 Erlebtes aus Aufstieg und Niedergang einer Demokratie, Offenbach 1947 [auch unter dem Titel Aufstieg und Niedergang der deutschen Sozialdemokratie. Erlebtes aus Aufstieg und Niedergang einer Demokratie erschienen]

Litteratur Wolfram Wette: Gustav Noske. Eine politische Biographie. Droste, Düsseldorf 1987, ISBN 3-7700-0728-X Rainer Butenschön, Eckart Spoo (Hrsg.): Wozu muss einer der Bluthund sein? Der Mehrheitssozialdemokrat Gustav Noske und der deutsche Militarismus des 20. Jahrhunderts. (Distel-Hefte, Band 35). Distel, Heilbronn 1997, ISBN 3-929348-18-7

Bakgrunnsstoff

DHM-biografi Gustav Noske i Akten der Reichskanzlei, Weimarrepublikken

Kategori:Tyske politikarar Kategori:Sosialdemokratiske politikarar Kategori:SPD-politikarar Kategori:Tyske forsvarsministrar