Augusto Pinochet () var ein chilensk general og politikar. Han var president i Chile frå 1973 til 1990, og framleis forsvarssjef i nokre år etter det. Han kom til makta gjennom eit USA-støtta militærkupp mot den folkevalde sosialistiske presidenten Salvador Allende, som døydde under kuppet. Han leidde landet som eit høgreorientert militærdiktatur, som sjef for ein militærjunta. Fleire tusen menneske vart myrda under diktaturet, og enda mange fleire vart torturerte. Ein stor del av folket vart drivne i eksil. Den økonomiske politikken til Pinochet-regimet var marknadsliberalistisk. Frie fagforeiningar var forbodne.

Kategori:Chilenske politikarar Kategori:Chilenske presidentar Kategori:Chilenske generalar Kategori:Liberalistiske politikarar