mini|Frå Jórvík Viking Centre, vikingsenteret i York Jorvik var vikingane sitt norrøne namn på den engelske byen York. Jorvik var i vikingtida hovudstaden i Nordimbraland (Northumberland eller Northumbria). Nordimbraland omfatta mellom anna Yorkshire og delar av Lancashire. Slik var Nordimbraland større enn seinare tiders Northumberland. Snorre Sturlason omtala Nordimbraland som ein femtepart av heile England. Store delar av nord- England vart påverka av nordisk kultur gjennom Danelagen.
Historie Jorvik hadde blitt grunnlagd som eit romersk fort kalla Eboracum og blei deretter ei angelsaksisk handelshamn med namnet Eoforwic. Denne vart erobra av svenske og danske vikingar i november 866, og vart hovudstaden i eit lite kongedøme.
Kongedømet hadde handelssamkvem med store delar av verda, noko som avspeglar seg i arkeologiske funn. Om lag år 1000 hadde Jorvik det nest største folketalet av byane på dei britiske øyane. Berre London hadde større folketal.
Wilhelm Erobraren gjorde ende på sjølvstendet til Jorvik og etablerte fleire slott med garnisonar i byen.
Nokre norskætta kongar i Jorvik Gudfrið Siðricsson, konge av Dublin og Jorvik om lag 927 - 937. Olaf Gudfriðsson, konge av Jorvik 939 - 942 Olaf Siðricsson, konge av Jorvik 949 - 952 Eirik Blodøks, konge av Jorvik 948, 952 - 954.
Bakgrunnsstoff Jorvik vikingsenter i York
Kjelder :en:Jorvik
Kategori:Stader frå norrøn tid Kategori:York