Sverre Oddvar Andresen () var ein norsk arbeidsmann, stortingsrepresentant 1965-69 for Arbeidarpartiet.

Andresen var son til ein vognmann i Oslo. Han byrja i lære hos Knut Graah i heimbyen i 1938, samstundes som han gjekk teknisk kveldsskule og eit ettårig kurs i bokføring og kalkulasjon. Frå 1940 var han i ti år plate- og sveisearbeidar ved Høka jernbanevognfabrikk. Der etter var han reparatør og dreiar ved A/S Hofsfos papirfabrikker i tida 1950-1962, og 1963-65 gjorde same jobben ved A/S Follum Fabrikker.

Hausten 1965 vart Andresen vald til stortingsrepresentant frå Buskerud fylke og for Arbeidarpartiet. På Stortinget var han 1965-69 medlem i Administrasjonskomiteen. Han lukkast ikkje verte attvald i 1969 og var frå 1970 hovudkasserar i Norsk Papirindustriarbeiderforbund til 1989.

Andresen var elles formann i forsorgstyret/sosialstyret i Ringerike kommune 1964-67 og i sosialstyret i Hole kommune 1977-83. Også formannskapsmedlem i Hole 1978-83 og kommunestyremedlem 1987-1991.

Kjelder Stortingsbiografi

Kategori:Stortingsrepresentantar 1965-1969 Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Folk frå Hole