Cato Andreas Sverdrup () var ein norsk væreigar i Reine i Nordland. Han var stortingsrepresentant for Høgre i perioden mellom 1937 og 1948.
Far til Sverdrup var væreigar på Reine i Lofoten. Sjølv tok Cato Sverdrup og broren Sofus i 1917 over drifta av faren si handelsforretning under namnet S. & C. Sverdrup. Firmaet dreiv fiskeeksport, trandamperi, reiarverksemd og styrte fiskeværet Reine. I 1940 vart forretninga ført vidare som Sverdrup & Sverdrup. Under andre verdskrigen gjorde Cato Sverdrup teneste i Sjøforsvaret som sersjant og kapteinløytnant.
Sverdrup hadde gjennom åra ei rad med styre- og tillitsverv. Mellom anna var han formann 1919–1941 i Flakstad og Moskenes assuranseforening, 1931–1935 i Lofotens Handelsstands Forening, 1937–1940 i Norges tørrfiskeksportørers landsforening, medlem 1945–1948 i Norges Eksportråd og 1946–1948 styremedlem i AS Vesteraalens Dampskibsselskab.
Frå 1930 var Sverdrup medlem i landstyret til partiet Høgre og frå 1934 sat han òg i sentralstyret. Hausten 1936 vart han vald til stortingsmann frå Nordland, attvald i 1945. På Stortinget var Sverdrup medlem i Sjøfarts- og fiskerikomitéen og sentral i partileiinga til han døydde i 1948. I 1934 vart han utpeikt til medlem i Fiskerikomiteen av 1934.
Kjelder
Kategori:Stortingsrepresentantar for Nordland Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar 1937-1945 Kategori:Stortingsrepresentantar 1945-1949 Kategori:Norske kjøpmenn Kategori:Folk frå Flakstad Kategori:Folk frå Moskenes