Sophus Theodor Pihl () var dansk snikkarsvein og agitator. Han vart ein av pionérane i norsk arbeidarrørsle, og var saman med Carl Jeppesen den som var mest aktiv arbeidet for å spreia sosialismen i Noreg.
Pihl forlét Danmark etter mellom anna å ha vorte dømd til fengsel i åtte månader (og sona elleve) fordi han freista å organisera sosialistar. Han hadde budd sju år i eksil i Sør-Afrika før han kom til Bergen i 1885. I juni same året starta han den første sosialdemokratiske avisa i Bergen, Arbeidervennen, og deretter Den demokratiske Arbeiderforening. Pihl vert rekna som grunnleggjaren av den sosialdemokratiske avisa, arbeidarrørsla og av bustadssamvirket i Bergen.
Det er reist ein bauta over han på Møllendal gravplass, og ei av gatene i byen har fått namn etter han.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Sophus Pihl» frå , den 2. januar 2018.
Bakgrunnsstoff Sophus Pihl i Norsk biografisk leksikon
Kategori:Danskar Kategori:Arbeidarrørsla i Noreg Kategori:Folk frå Odsherred Kategori:Historie i Bergen