Otto Eduard Leopold von Bismarck (), kjend som jernkanslaren, var ein prøyssisk og tysk statsmann som grunnla det tyske riket.
Tidlege år
Bakgrunn og skulegang Otto von Bismarck var fødd på Schloss Schönhausen nær Elben ved Stendal i den dåverande Provinsen Sachsen. Han var det fjerde av dei seks borna til rittmeister Karl Wilhelm Ferdinand von Bismarck (1771-1845) og kona hans Luise Wilhelmine, fødd Menken (1789-1839). I tillegg til Otto overlevde seinare bror Bernhard (1810-1893) og den yngre systera Malwine (1827-1908) dei fyrste barneåra.
I 1821 byrja han på Plamannschen Lehranstalt i Wilhelmstrasse i Berlin. Frå 1827 til 1830 gjekk han på Friedrich-Wilhelm-Gymnasium i Berlin. I 1830 fullførte han gymnasiet på Gymnasium zum Grauen Kloster, som òg var i Berlin.
Etter gymnaset (abitur) blei han immatrikulert ved Universität Göttingen som student i jus og statsvitskap. Der gjekk han òg inn i studentforeininga Hannovera. Seinare skrøyt han over å ha delteke i 28 mensurar. I september 1833 gjekk han over til universitetet i Berlin. Same året blei han òg dømt til eit opphald i studentkasjotten (Karzer) for å ha vore til stades ved ein duell.
Avbroten karriere som embetsmann Etter den fyrste juridiske statseksamenen i Berlin i 1835 byrja han inn i lærestillinga som Regierungssreferendar i regjeringskontora i Aachen. Han keia seg i denne stillinga, og drog på ulovleg ferie i fleire månader. Då han kom tilbake i Aachen blei han oppsagt. Bismarck heldt fram med tida som referendar i Potsdam.
I 1838 avbraut han den juridiske lærestillinga si att, og melde seg frivillig til militærteneste i eit år. Mor til Bismarck døydde 1. januar 1838. Same året overtok han og broren familiegodsa i Kniephof, Külz og Jarchelin i Pommern.
I 1844 gjorde Bismarck eit siste forsøk på å fullføra læretida som referendar, men gav opp etter berre to veker. Dermed var karrieren hans som embetsmann endeleg avslutta.
Tidleg politisk karriere
I 1845 blei Bismarck innvald som medlem av landdagen i Provinz Pommern. Same året døydde faren hans. Året etter overtok han sin Schloss Schönhausen etter faren. Hausten 1846 blei han utnemnd som ansvarleg for dikene (Deichhauptmann) på høgre breidd av Elben i Jerichow.
I mai 1847 blei han vald inn som medlem av landdagen i Preussen. Det gjekk tydleg fram av Otto von Bismarck sine talar at han stilte seg negativ til den borgarlege liberalismen. Dette året gifta han seg også med Johanna von Puttkamer, og saman fekk dei tre born: Marie (1848-1926), Herbert (1849-1904) og Wilhelm (1852-1901).
Den tyske revolusjonen mislukkast i 1848. Bismarck deltok ved opprettinga av ei ny avis kalla Neue Preußische Zeitung. Avisa hadde jernkrossen i logoen sin, og gjekk snart under namnet Kreuzzeitung (krossavisa). I 1848 deltok han òg i det såkalla Junkerparlamentet i Berlin, ei samling av konservative grunneigarar som gjorde felles sak i ønsket om å verna om eigedomsretten.
I 1849 blei Bismarck vald inn i Preussisches Abgeordnetenhaus. Han representerte Preussen i forbundsdagen i Frankfurt am Main (som Geheimer Legationsrat). Det fremste målet hans var å oppnå ei likestilling mellom Preussen og Austerrike, innanfor ramma av Deutscher Bund (1815-1866).
Georg von Vincke og Otto von Bismarck gjennomførte i 1854 ein pistolduell som enda utan å spilla blod. Duellen hadde utgangspunkt i ein diskusjon om den tyske tollpolitikken.
Frå 1859 til 1862 var Bismarck sendemann (Gesandter) i St. Petersburg. I mars 1862 overtok han same stilling i Paris, og var der til september same året. Ministerpresident i Preussen

Frå 1859 til 1862 var Bismarck sendemann (Gesandter) i St. Petersburg. I mars 1862 overtok han same stilling i Paris, og var der til september same året.
alt=|mini|Portrett av Otto von Bismarck. N.Repik
«Eisen und Blut» (‘jern og blod’) I 1862 blei han mellombels utnemnd til ministerpresident i Preussen, i påvente av ei løysing av striden om reform av hæren mellom kongen og parlamentet. Tvisten var av forfatningsrettsleg karakter, og dreidde seg om maktfordeling mellom monark og parlament.
I september 1862 freista Bismarck å få parlamentet med på eit utanrikspolitisk samarbeid. Bismarck uttalte blant anna at dei store spørsmåla aldri var blitt avgjort gjennom majoritetsavgjerder. Dette var ei feilslutning som var trukke av politikarane i 1848 og 1849, meinte han. Dette var perioden då Frankfurtparlamentet var i verksemd. Tvert imot vart slike avgjerder, ifølgje Bismarck, alltid gjennomført ved «jern og blod» (Eisen und Blut). Uttalelsen bidrog til auka mistru mot han blant medlemmar av parlamentet.
8. oktober 1862 blei Otto von Bismarck varig utnemnd som ministerpresident og utanriksminister i Preussen.
I 1863 inngjekk Bismarck den såkalla Alvensleben-konvensjonen med Russland. Konvensjonen, som har namn etter den prøyssiske sjefsforhandlaren Gustav von Alvensleben, sikra prøyssisk nøytralitet under Russland si nedkjemping av oppstanden i Polen dette året. For Preussen tydde avtalen at Russland var tilbakehalde i høve til Preussen sine handlingar i åra som følgde.
Bismarck hadde deretter i mai 1863 hemmelege forhandlingar med leiaren av Allgemeiner Deutscher Arbeiterverein, Ferdinand Lassalle, om eit mogleg samarbeid med arbeidarrørsla mot den liberale opposisjonen i parlamentet, Preußisches Abgeordnetenhaus.
Den andre slesvigske krigen i 1864 Samlinga av Tyskland som til slutt førte til Det tyske keisarriket blir gjerne knytt opp mot dei såkalla «samlingskrigane» (tysk Einigungskrig). Det dreidde seg om krigane mot Danmark i 1864, Austerrike i 1866 og Frankrike i 1870/71.
Hertugdøma Slesvig og Holstein var i personalunion med Danmark. Både Slesvig og særleg Holstein hadde ein betydeleg tyskspråkleg folkesetnad. Det var ambisjonen til Bismarck å innlemma Slesvig og Holstein i Preussen. Då danskane vedtok novemberforfatninga i 1863, provoserte dette Berlin og Wien mykje. Den andre slesvigske krigen blei innleidd 1. februar 1864 ved at tyskarane kryssa elva Eider.
I august 1864 vedtok Preussen og Austerrike i Gastein ei oppdeling av Slesvig-Holstein.
I september 1865 blei Otto von Bismark utnemnd til tysk greve.
Den tyske krigen i 1866 Uløyste konfliktar mellom Preussen og Austerrike og Bismarck sine ambisjonar om prøyssisk leiarskap i det tyske området, peika vidare mot den tyske krigen i 1866. Bismarck ynskte ei vesle-tysk framfor ei stor-prøyssisk løysing. I slaget ved Königgrätz 3. juli 1866, annekterte Bismarck Hannover, Hessen-Kassel, Hertugdømmet Nassau og Frankfurt am Main. Det nordtyske forbundet var i fyrste omgang blitt skipa som eit militærforbund. Austerrike var pressa ut av Tyskland. Den 12. februar 1867 blei det i dei 22 medlemsstatane av militærforbundet halde like, alminnelege og direkte val for den nordtyske, konstituerande riksdagen. 16. april 1867 blei konstitusjonen vedteken med 230 mot 53 stemmer.
Den fransk-tyske krigen 1870/71 alt=|mini|Proklamasjonen av det Det tyske riket i Versailles. Bismarck (i kvitt) blei etter dette feira som nasjonalhelt. Leopold av Hohenzollern-Sigmaringen gav 2. juli 1870 avkall på tilbodet om å bli konge over Spania. Dette var i samsvar med ønska til Frankrike, då dei såg på ein slik spansk-tysk allianse som eit trugsmål mot sitt hegemoni. Frankrike gjekk eit skritt vidare, og ville føra Preussen til eit diplomatisk nederlag. Franskmennane kravde at hohenzollarane òg for all framtid skulle gje avkall på den spanske trona. Dette avslo den tyske kongen Vilhelm I overfor den franske ambassadøren. Bismarck omformulerte og skjerpa svaret til den tyske kongen i den såkalla Emsdepeschen, og sende det til pressa. Frankrike tok svaret som ein provokasjon, og svara det 19. juli 1870 med ei krigserklæring. Dermed var Den fransk-tyske krigen i gang.
Dei sørtyske statane slutta seg straks til Det nordtyske forbundet. Dei tyske troppane gjekk over Rhinen før franskmennene var ferdig mobilisert. Etter ein og ein halv månad leid Frankrike endeleg nederlag etter slaget ved Sedan, der keisar Napoleon III av Frankrike blei teken til fange.
Attentatet i 1866 Ferdinand Cohen-Blind var stesonen til ein av dei revolusjonære frå 1848. Den 7. mai 1866 rette han ein pistol mot Bismarck som ein protest mot den antiliberale politikken hans. Ingen av dei tre fyrste skota som blei avfyrte medførte skade. Då Bismarck sjølv gjekk laus på attentatmannen, blei det avfyrt endå to skot, men desse prella av mot ribbeina til Bismarck. At det gjekk bra for Bismarck, tok han sjølv som eit godt omen for politikken sin.
Rikskanslar mini|Bismarck i 1875