Country Memories er eit studioalbum av Jerry Lee Lewis som kom ut på Mercury Records i 1977.

Bakgrunn Det lange forholdet mellom Lewis, Mercury Records og produsenten Jerry Kennedy gjekk mot slutten i 1977. Han hadde høyrt til Mercury og dotterselskapet Smash sidan 1963 og sidan 1968 hatt mange countryhittar, mellom anna 17 inne på Topp 10. Dei siste åra hadde derimot albuma han byrja å vere overproduserte og hittane uteblei. Dei mange åra på turné med alkohol og piller byrja å slite på Lewis, som byrja å få helseproblem (som blødande magesår). Stemma hans byrja òg å bli merkbar hås. Han var framleis etterspurt som konsertartist, men spelte berre eitt album til for Mercury, Jerry Lee Keeps Rockin' i 1978.

Innspeling Den siste store hitten til Lewis for Mercury var «Middle Age Crazy», ein song skriven av Sonny Throckmorton om ein mann som vil vere ung for alltid. Singelen klarta til fjerdeplassen på countrylista til Billboard. Ein annan singel, Bobby Braddock-balladen «Come On In», nådde òg Topp 10.

Innhald

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Country Memories» frå , den 28. januar 2018.

Kategori:Jerry Lee Lewis-album Kategori:Musikkalbum frå 1977 Kategori:Musikkalbum produserte av Jerry Kennedy Kategori:Mercury Records-album