«Long Cool Woman in a Black Dress» er ein song skriven av Allan Clarke, Roger Cook og Roger Greenaway og framført av den britiske rockegruppa The Hollies. Songen kom først ut på albumet Distant Light og kom så ut på singel i april 1972 (på Parlophone i Storbritannia), og selde 1,5 millionar eksemplar i USA og to millionar verda over. Songen nådde andreplassen på Billboard Hot 100 i september 1972. Billboard rangerte songen på 24. plassen på lista si for heile 1972.
B-sida til singelen i Storbritannia var «Cable Car» og i USA «Look What We've Got».
Bakgrunn og innspeling Dagen då «Long Cool Woman» vart spelt inn i AIR Studios, var produsenten deira, Ron Richards, sjuk, og songen vart derfor produsert av gruppa sjølv. Songen skil seg frå dei fleste andre Hollies-songar. Det er ingen trestemt vokalharmoniar og songen inneheld både sologitar og vokal av Allan Clarke. Då han kom attende miksa Ron Richards innspelinga.
Songen vart skriven i swamp rock-stilen til Creedence Clearwater Revival, både songmessig, rytmisk og melodisk. Songen kom ut våren 1972, same året som Creedence vart oppløyst. Clarke imiterte vokalstilen til John Fogerty frå songen «Green River». I følgje Clarke vart songen skriven på kring fem minutt.
Mottaking
I heimlandet Storbritannia vart singelen berre ein moderat suksess, og nådde 32. plassen på singellista. Men han vart ein overraskande kjempehit i USA, der han låg to veker på andreplassen bak Gilbert O'Sullivan sin «Alone Again (Naturally)». Songen gjekk til topps i Australia. På denne tida hadde Clarke alt slutta i bandet, men han meinte det ikkje var «uheldig» sidan han hadde vore med å skrive songen. Clarke kom attende til The Hollies sommaren 1973, dels på grunn av suksessen til denne songen.
Medverkande Allan Clarke - vokal, sologitar Tony Hicks og Terry Sylvester - gitar Bernie Calvert - bass Bobby Elliott - trommer
Salslister
Vekeslister Liste (1972)PlasseringAustralia2Canada (RPM100 Singles)1Nederland (Gfk Top 100 Singles)21New Zealand (Listener)Flavour of New Zealand, 2. oktober 19722UK (UK Singles Chart)32U.S. Billboard Hot 1002U.S. Cash Box Top 1001
Årslister Liste (1972)PlasseringAustralia16Canada19U.S. Billboard24U.S. Cash Box20
I popkulturen og andre versjonar Phantom, Rocker & Slick gav ut sin versjon i 1986 på albumet Cover Girl. Countryartisten Clint Black gav ut sin versjon av songen den 19. februar 2008, med tittelen «Long Cool Woman». Black sin versjon nådde 58. plassen på Hot Country Songs-lista. T.G. Sheppard, spelte inn songen i 1997 på albumet Nothin' on But the Radio. Vince Neil gav ut ein tyngre versjon av «Long Cool Woman», på albumet Tattoos & Tequila, den 22. juni 2010. Rockapella gav ut ein versjon i 1995 på albumet sitt Primer. «Long Cool Woman in a Black Dress» var den første songen Phish spelte. Dei spelte songen på somme av konsertane sine. «Long Cool Woman in a Black Dress» vart spelt av Widespread Panic på ein konsert den 29. oktober 2000. Songen vart nytta i filmane Remember the Titans, Amores Perros, The Lovely Bones, Trouble with the Curve og Teenage Mutant Ninja Turtles: Out of the Shadows.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Songar frå 1971 Kategori:Singlar frå 1972 Kategori:Singlar frå 1997 Kategori:Singlar frå 2008 Kategori:The Hollies-songar Kategori:T.G. Sheppard-songar Kategori:Clint Black-songar Kategori:Parlophone-singlar Kategori:Epic Records-singlar Kategori:Nummer-ein-singlar i Canada Kategori:Songar skrivne av Roger Greenaway Kategori:Songar skrivne av Roger Cook Kategori:Songar skrivne av Allan Clarke