Mosul-demninga (arabisk سد الموصل, kurdisk Bêndawi Mûsil), tidlegare kjend som Saddam-demninga ( سد صدام) er den største demninga i Irak. Ho er bygd over Tigris, vest i guvernementet Ninive, oppom byen Mosul. Demninga vart nytta til vassenergi og vatning. Ved full kapasitet held demninga attende kring 11,1 kubikkilometer vatn og gjev drikkevatn og elektrisitet til 1,7 millionar innbyggjarar i Mosul.
Planlegging av demninga byrja i 1950-åra, men byggjinga byrja ikkje før i 1981 og stod ferdig 7. juli 1986. mini|venstre|Den historiske borga Aski Mosul før ho vart lagt under vatn.
Under den amerikanskleia invasjonen av Irak i april 2003, var det frykt for at irakiske styrkar skulle sprengje hol i demninga. I fleire veker i juli og august 2014 hadde Den islamske staten kontroll over Mosul-demninga. Den 17. august 2014 tok Peshmerga og den irakiske hæren over kontrollen av demninga igjen.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Mosul Dam» frå , den 19. april 2018. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Demningar i Irak Kategori:Demningar i Tigris Kategori:Ninive guvernement Kategori:Geografi i Irakisk Kurdistan Kategori:Vassenergiverk i Irak Kategori:Vassreservoar i Irak Kategori:Byggverk ferdigstilte i 1986 Kategori:1986 i Irak