Umm al Binni er ein hovudsakleg tørrlagd innsjø i Qurnamyrene i Maysan guvernement sør i Irak. Den 3,4 km lange innsjøen ligg kring 45 km nordvest for samløpet mellom Tigris og Eufrat. På grunn av forma, plasseringa og andre faktorar, trur ein at han kan vere eit nedslagskrater.

Spor som tyder på nedslagskrater

Ved hjelp av satellittbilete har Sharad Master føreslått at den tørrlagde innsjøen kan vere eit nedslagskrater, sidan han er nesten sirkelform, ei lett polygonforma rand og ei form som ikkje liknar andre innsjøar i regionen. Fleire andre mogelege opphav som karsttopografi, saltdomforming, tektonisk deformering og vulkansk aktivitet, eller store bomber, er avskrive..Master, S.; Heymann, J (2000). A Possible New Impact Structure near Gilbués in Piauí Province, Northeastern Brazil, Meteoritics & Planetary Science, vol. 35, Supplement, s.A105A. P. Crósta and M. A. Vasconcelos (2013). Confirmation Of The Impact Origin Of The Santa Marta Crater, Brazil, 76th Annual Meteoritical Society Meeting

Master estimerer at krateret er mindre enn 5000 år gammalt, eller tidlegare enn år 3000 fvt., på grunn av avsetjingane frå Tigris og Eufrat som har ført til at kysten i denne perioden har flytta seg 130–150 km utover i Persiabukta. At forfattarar på denne tida som Herodotos (484–425 fvt.) og Nearkhos (360–300 fvt.) eller seinare historikarar, indikerer at nedslaget kan ha skjedd tidlegare, mellom 3000 og 5000 fvt. På denne tida var Al Amrah-regionen kring 10 meter under Persiabukta. Eit slikt nedslag ville ha skapt ein tsunami som ville ha øydelagd kystbyane til sumerarane på denne tida. Dette kan forklare det 2,6 meter djupe sedimentlaget som vart oppdaga under utgravinga av den sumeriske byen Ur av Leonard Woolley i 1922-1934. Skildrande passasjar i Gilgamesj (kring 1600–1800 fvt.) kan ha skildra eit slikt nedslag og tsunami.

Det har vidare blitt føreslått at brå klimaendringar og katastrofale hendingar kring 2200 vt. (inkludert kollapsen til den sumeriske sivilisasjonen) kan ha vore knytt til eit komet- eller asteroidenedslag. Master har hevda at det påståtte Umm al Binni-nedslaget kan ha vore årsaka til denne katastrofen.

Sjølv om ein har funne mange indirekte prov på at Umm al Binni er eit nedslagskrater, er det ikkje blitt gjort analysar på staden, hovudsakleg på grunn av den urolege og farlege situasjonen som har vore i Irak. Det er derfor aldri blitt stadfesta at staden faktisk er eit nedslagskrater.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Umm al Binni lake» frå , den 22. april 2018.

Kategori:Innsjøar i Irak Kategori:Mogelege nedslagskrater på jorda