«Queenie Eye» er ein song av Paul McCartney, skriven av McCartney og produsenten Paul Epworth. Det var den andre singelen frå soloalbumet til McCartney, New, frå 2013.

McCartney forklarte at namnet på songen og refrenget kom frå ein barneleik han leika då han var ung, kalla «Queenie, Queenie, who's got the ball?».

Musikkvideoen til songen vart regissert av Simon Aboud, ektemannen til dottera til McCartney, Mary. Ei rekkje kjende folk dukkar opp i videoen, som Johnny Depp, George Ezra, Jeremy Irons, Chris Pine, Jude Law, Sean Penn, Alice Eve, James Corden, Meryl Streep, Tracey Ullman, Kate Moss, Lily Cole, Laura Bailey, songarane Jack Savoretti, Gary Barlow, Peter Blake, Tom Ford, Howard Long og fleire andre.

McCartney framførte songen på Grammyprisen i 2014 i lag med Ringo Starr på trommer.

Medverkande Paul McCartney – vokal, gitar, bassgitar, lap steel gitar, piano, Moog synthesizer, synthesizer, mellotron, tamburin Paul Epworth – trommer

Salslister Liste (2013)Plassering

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Queenie Eye» frå , den 27. mai 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Singlar frå 2013 Kategori:Songar frå 2013 Kategori:Paul McCartney-songar Kategori:Songar produserte av Paul Epworth Kategori:Songar skrivne av Paul Epworth Kategori:Songar skrivne av Paul McCartney Kategori:Universal Music Group-singlar