«Come and Get It» er ein song skriven av Paul McCartney for filmen The Magic Christian i 1969. Songen vart framført av Badfinger, produsert av McCartney og gjeven ut på singel 5. desember 1969 i Storbritannia og 12. januar 1970 i USA på Beatles sitt Apple.

The Beatles (Paul McCartney)-versjonen

Paul McCartney spelte inn ein demoversjon på eigahand av songen 24. juli 1969, då han kom tidleg til ei innspeling for The Beatles for albumet Abbey Road. Han song vokal og spelte alle instrumenta. Den største skilnaden er eit meir langsamt tempo og ein noko høgare toneart. Sjølv om McCartney var den einaste som spelte på songen, var han offisielt gjeven ut som ein Beatles-song i 1996 på Anthology 3 etter å ha vore på forskjellige piratkopialbum.

Badfinger-versjonen 2. august 1969 presenterte McCartney demoversjonen sin til Apple-bandet Badfinger (som då heitte The Iveys) og sa at dei måtte spele inn ein versjon som var nøyaktig lik. Han tilbaud seg å produsere denne songen og to andre Iveys-originalar for dei for filmen The Magic Christian. Bandet følgde instruksane hans.The Beatles Anthology, p. 289

McCartney valde ut Tom Evans til å syngje songen, etter at alle i bandet hadde fått prøve seg.

Singelen kom ut på Apple Records den 5. desember 1969 i Storbritannia og 12. januar 1970 i USA. «Come and Get It» vart ein hitsingel og nådde sjuandeplassen i USA, og fjerdeplassen i Storbritannia. Songen vart opningsmelodien for filmen The Magic Christian, med Peter Sellers og Ringo Starr.

Medverkande

The Beatles (Paul McCartney)-versjonen Paul McCartney – solovokal, piano, maracas, trommer, bass

Badfinger-versjonen Tom Evans – solovokal, rytmegitar Pete Ham – korvokal, piano Ron Griffiths – korvokal, bassgitar Mike Gibbins – trommer Paul McCartney – perkusjon, produsent

Salslister

Vekeslister Liste (1970) Plassering Australia Kent Music Report14 Canada RPM 1004 New Zealand (Listener)1 UK Singles Chart4 US Billboard Hot 100 7 US Cash Box Top 100 6

Årslister Liste (1970)PlasseringCanada64U.S. Billboard Hot 10048U.S. Cash Box45

Andre versjonar Ein versjon av Elton John vart gjeven ut i 2009 på albumet Spirit In The Sky: Rare Sessions 1969–70.

Songen vart sungen på fransk av Celine Lomez med tittelen «Ce que tu veux, je l'ai» (1970).

Songen vart spelt inn av Vic Lewis Orchestra and Singers som ein promosingel og gjeven ut i Storbriannia på NEMS Records i 1969, og i USA på Epic Records i 1970.

Warrant spelte inn songen i 2001 for albumet deira Under The Influence.

Det alternative rockebandet Lazlo Bane spelte inn songen i 2007 på albumet Guilty Pleasures.

Paul McCartney framførte songen live for første gongen i Bologna i Italia den 26. november 2011.

Toots Hibbert og Sly and Robbie spelte songen på The Art of McCartney i 2014.

I nyare tid har Paul McCartney og Alice Cooper sungen songen i lag i supergruppa Hollywood Vampires på debutalbumet deira Hollywood Vampires, gjeve ut 11. september 2015. I tillegg til Cooper og McCartney på solovokal, piano og bass, bestod bandet av gitaristen Joe Perry, Johnny Depp og trommisen Abe Laboriel jr.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Come and Get It av Badfinger» frå , den 10. juni 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Singlar frå 1969 Kategori:The Beatles-songar Kategori:Apple Records-singlar Kategori:Badfinger-songar Kategori:Songar skrivne av Paul McCartney Kategori:Songar produserte av Paul McCartney Kategori:Songar frå 1969 Kategori:Elton John-songar