Río de la Plata er ei havbukt eller eit estuar danna av elvene Uruguay og Paraná. Ho ligg mellom Uruguay og Argentina. Ho renn ut i Atlanterhavet, der ho danna eit traktforma innskjering i den søraustlege kystlinja til Sør-Amerika.

Ulike geografar kan rekna Río de la Plata som ei elv, eit estuar, ei bukt eller eit randhav. Om ho er rekna som ei elv er ho den vidast i verda, med ei maksimumsbreidd på rundt 220 km.

Río de la Plata blei oppdaga for europearane av sjømannen Juan Díaz de Solís i 1516. Ho blei kalla Río de la Plata (Sølvelva) på grunn av dei rike sølvførekomstane oppover langs elva.

Merknader

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Río de la Plata» frå og «Río de la Plata» frå , den 21. juli 2018.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Argentinsk geografi Kategori:Uruguayansk geografi