Anouk Vetter () er ein nederlandsk friidrettsutøvar frå Amsterdam som i 2016 vart europameister i sjukamp under EM i friidrett 2016 i heimbyen. Året etter vann ho bronsemedaljen i sjukampen då verdsmeisterskapen 2017 fann stad i London. Sidan sikra ho seg sølvmedaljen både under Sommar-OL i 2021 og ved verdsmeisterskapen 2022. I den siste meisterskapen presterte ho livsbeste 6 867 poeng.
Aktiv Vetter sette personbeste med 6 626 poeng då ho vann gullmedaljen i sjukampen under EM 2016. Året etter forbetra ho sin personlege rekord med 10 poeng i London-VM, noko som gav henne bronseplassen i tevlinga. Fire år seinare flytta ho sitt livsbeste til 6 689 poeng då dei olympiske sommarleikane vart avvikla i Tokyo, og kompletterte medaljesamlinga med eit sølv. I mai 2022 gjekk ho til topps i mangekampstemnet i Götzis, forbetra den nasjonale rekorden til 6 689 poeng. Sju veker seinare gjorde Vetter sitt livs beste sjukamp under verdsmeisterskapen i Eugene. Her sanka ho 6 867 poeng, men måtte som i Tokyo-OL året før finne seg i å verte slått av belgiske Nafissatou Thiam.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap EM 2014 i Zürich: Nr 7 – 6 281 poeng VM 2015 i Beijing: Nr 12 – 6 267 poeng EM 2016 i Amsterdam: Gullmedalje – 6 626 poeng, framom Antoinette Nana Djimou (6 548 poeng) OL 2016 i Rio de Janeiro: Nr 10 – 6 394 poeng VM 2017 i London: Bronsemedalje – 6 636 poeng EM 2018 i Berlin: Nr 5 – 6 414 poeng VM 2019 i Doha: Braut den siste øvinga OL i 2021 i Tokyo: Sølvmedalje – 6 689 poeng, bakom Nafissatou Thiam (6 791 poeng) VM 2022 i Eugene: Sølvmedalje – 6 867 poeng, bakom Nafissatou Thiam (6 947 poeng) EM 2022 i München: Braut etter fem øvingar VM 2023 i Budapest: Bronsemedalje – 6 501 poeng OL 2024 i Paris: Braut etter fem øvingar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Anouk Vetter» frå , den 7. mai 2022.
World Athletics
Kategori:Nederlandske friidrettsutøvarar Kategori:Mangekjemparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Nederland Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Nederland Kategori:Nederlandske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2020 Kategori:Nederlandske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020