Marcin Przemysław Lewandowski () er ein polsk tidlegare mellomdistanseløpar frå Szczecin som i 2010 vart europameister på 800 meter og sidan vann EM-sølv på same distansen i 2016 og på 1500 meter i 2018. I 2019 sikra han seg bronsemedaljen på 1500 m i verdsmeisterskapen.
Aktiv Lewandowski sette i 2009 personleg rekord på 800 meter i Monaco med tida 1.43,84. Året vann han distansen under europameisterskapen i Barcelona der han viste sin kvasse spurt. Sterke avslutningar kunne ikkje hindre at han vart nummer 4 på 800 m i verdsmeisterskapen både i 2011 og 2013. Sommaren 2013 forbetra han sitt personbeste på 800 m til 1.43,79 og 17. juli 2015 til livsbeste 1.43,72. Seinvinteren 2015 sprang Lewandowski inn til siger på 800 m under innandørs-EM i Praha. Sommaren 2016 kneip han sølvmedaljen på 800 ved EM i Amsterdam, fekk same tid som bronsemedaljøren.
Etter ein sjetteplass på 800 m i Sommar-OL i Rio de Janeiro, satsa Lewandowski på 1500-meteren. Innandørs-sesongen 2017 vann han 1500 m ved hall-EM i Beograd, ein meistertittel han forsvarte i Glasgow i 2019. Sommaren 2017 forbetra han den personleg rekorden til 3.34,0 i Monaco. Året etter tok han sølv på 1500 meter under europameisterskapen i Berlin, fattige 0,04 sekund bakom norske Jakob Ingebrigtsen. I finalen under verdsmeisterskapen i Doha året etter forbetra Lewandowski den polske rekorden til 3.31,4 og fekk bronsen. 9. juli 2021, på yndlingsstadion i Monaco, presterte han sitt livs beste løp då han vart sjettemann på tida 3.30,42. Han la opp i 2022.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 2009 i Berlin: Nr 8 på 800 m – 1.46,17 EM 2010 i Barcelona: Gullmedalje på 800 m – 1.47,07, framom Michael Rimmer (1.47,17) VM 2011 i Daegu: Nr 4 på 800 m – 1.44,80 OL 2012 i London: Utslått i semifinalane på 800 m (1.45,08 =nr 9) VM 2013 i Moskva: Nr 4 på 800 m – 1.44,08 EM 2014 i Zürich: Nr 5 på 800 m – 1.45,78 VM 2015 i Beijing: Utslått i semifinalane på 800 m (1.45,34 =nr 9) EM 2016 i Amsterdam: Sølvmedalje på 800 m – 1.45,54, bakom Adam Kszczot (1.45,18) OL 2016 i Rio de Janeiro: Nr 6 på 800 m – 1.44,20 VM 2017 i London: Nr 7 på 1500 m – 3.36,0 EM 2018 i Berlin: Sølvmedalje på 1500 m – 3.38,14, bakom Jakob Ingebrigtsen (3.38,10) VM 2019 i Doha: Bronsemedalje på 1500 m – 3.31,46 OL i 2021 i Tokyo: Braut semifinalen på 1500 m
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Marcin Lewandowski» frå , den 25. april 2026.
World Athletics
Kategori:Polske friidrettsutøvarar Kategori:Mellomdistanseløparar Kategori:Europameistrar i friidrett for Polen Kategori:Polske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Polske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Polske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Polske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2010 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2015 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2016 Kategori:Deltakarar under EM i friidrett 2018 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2017 Kategori:Deltakarar under VM i friidrett 2019