Idlewild South er det andre studioalbumet til det amerikanske southern rock-bandet The Allman Brothers Band. Produsenten var Tom Dowd og albumet kom ut 23. september 1970, i USA på Atco Records og Capricorn Records. Etter debutplata deira i 1969, turnerte Allman Brothers Band mykje i USA for å marknadsføre albumet, som selde heller dårleg. Konsertane deira gav dei likevel eit positivt rykte som spreidde seg til meir kjende musikarar, som Eric Clapton. Han inviterte leiaren i gruppa, Duane Allman, til å bidra til albumet hans Layla and Other Assorted Love Songs i 1970.

Som følgje av dei mange konsertane til bandet vart Idlewild South spelt inn gradvis over ein periode på fem månadar i forskjellige byar, som New York, Miami og heimbyen deira Macon i Georgia. Tom Dowd hadde opphavleg vore ønskt som produsent på debutplata, men var ikkje tilgjengeleg. Songane på Idlewild South vart skrivne medan dei var på turné og testa ut på konsertane. Albumtittelen kom frå kallenamnet dei gav huset dei budde og øvde i på denne tida. Idlewild South inneheld to av dei mest kjende songane til bandet, «Midnight Rider» (seinare ein hit for andre artistar) og «In Memory of Elizabeth Reed», som vart ein av dei mest kjende konsertsongane til bandet.

Albumet kom ut i september 1970, men selde ikkje særleg bra. Salstalet voks etter kvart som bandet gjennomførte over 300 konsertar i 1970, og danna grunnlaget for det store gjennombrotet deira med konsertalbumet At Fillmore East i 1971. Dette albumet og debutplata vart så gjevne ut på nytt i lag som samlealbumet Beginnings. I 1973 hadde Beginnings seld til gullplate for 500 000 selde eksemplar i følgje Recording Industry Association of America.

I 2014 kåra Rolling Stone albumet til eit av dei mest banebrytande albuma gjennom tidene på grunn av måten det påverka southern rock.

Innhald

Medverkande Alle medverkande frå plateomlaget.

The Allman Brothers Band Gregg Allman – vokal, orgel, piano Duane Allman – slidegitar, sologitar, akustisk gitar Dickey Betts – sologitar Berry Oakley – bassgitar, vokal på «Hoochie Coochie Man» og harmonivokal på «Midnight Rider» Jai Johanny Johanson – trommer, conga, timbales, perkusjon Butch Trucks – trommer, paukar

Andre medverkande Thom Doucette – munnspel, perkusjon

Produksjon Tom Dowd – produsent, lydteknikar Joel Dorn – produsent på «Please Call Home» Frank Fenter – leiande produsent Bob Liftin – lydteknikar Chuck Kirkpatrick - lydteknikar Howie Albert – lydteknikar Jim Hawkins – lydteknikar Ron Albert – lydteknikar Jimm Roberts – kunst, fotografi Suha Gur – mastering

Vekeslister Liste (1970) Plassering Billboard Top LP'sThe Allman Brothers Band - Awards - AllMusic. AllMusic. Henta 4. oktober 2014. 38

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Idlewild South» frå , den 8. september 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:The Allman Brothers Band-album Kategori:Musikkalbum frå 1970 Kategori:Atco Records-album Kategori:Capricorn Records-album Kategori:Album produserte av Tom Dowd