mini|Hovudbygningen mini|Borgstova
Kvernes prestegard (gnr. 22Jan Brendalsmo: Middelalderske kirkesteder i Møre og Romsdal fylke (Riksantikvaren, 2016), s. 112.) ligg nordaust for Kvernes kyrkje og Kvernes stavkyrkje. Kyrkjene står på grunnen til prestegarden, og prestegarden har gjeve namn til bygda og soknet.
Hovudbygningen vart oppført i 1908–10. Det er ein bygning i to etasjar med valmtak og liggjande panel. Borgstova vart oppført rundt 1840. Det er eit laftebygg i to etasjar med skifertekka saltak og ståande panel. Eit naust med torvtak vart oppført i 1790. Borgstova og naustet er freda.
Litt lengre sør er ein forpaktarbustad, ein driftsbygning og eit uthus frå byrjinga av 1960-åra.
Fotnotar
Bakgrunnsstoff Kvernes prestebolig hos Opplysningsvesenets fond
Kategori:Prestegardar i Noreg Kategori:Kulturminne i Averøy