Lenvik kommune (nordsamisk Leaŋgáviika suohkan) er ein tidlegare norsk kommune i Troms fylke. Han hadde kyst mot Norskehavet og fjorden Malangen i nord - på hi sida av Malangen låg Tromsø i nord og Balsfjord i nordaust. I søraust grensa Lenvik mot Målselv kommune, i sør mot Sørreisa kommune og i vest mot Tranøy og Berg. Om lag 60 % av arealet til kommunen låg på Senja, medan resten ligg på fastlandet. Administrasjonssenter var Finnsnes. 1. januar 2020 blei Lenvik slått saman med dei tre nabokommuneae Berg, Torsken og Tranøy til Senja kommune. mini|venstre|Frå Finnsnes.
Historie Lenvik kommune var ein av dei opphavlege kommunane som vart oppretta med Formannskapslovene i 1837, og var då større enn han er no. I 1848 vart Målselv kommune skilt ut frå Lenvik som eigen kommune og i 1855 skjedde det same med Hillesøy. I 1871 vart eit område med 70 innbyggjarar overført til Malangen kommune. 1. januar 1964 vart den delen av Hillesøy som låg på Senja og øya Hekkingen slått saman med Lenvik att, saman med den delen av Sørreisa kommune som låg på Senja og gardane Hellemo, Paulsrud, Johnsgård og Stormo frå Tranøy kommune. Etter dette hadde Lenvik kommune 8825 innbyggjarar. I 1972 vart eit område med 63 innbyggjarar overført frå Målselv kommune til Lenvik kommune. Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
Delområde Lenvik kommune er deld inn i følgjande seks delområde (innbyggjartal 2008): På fastlandet: Rossfjordområdet (981) Bjorelvnesområdet (466) Finnsnesområdet (5352) På Senja: Silsandområdet (2620) Gibostadområdet (885) Stønnesbotn/Øyfjordområdet (824) Heimstad ikkje oppgjeve (32)
mini|Husøy i Lenvik kommune
Tettstader Finnsnes Gibostad Husøy Silsand
Folk frå Lenvik
Harald Vasbotten (1893–1973), olympisk brytar Bjarne Solli (1910-1989), ordførar 1946-1953, stortingsrepresentant for Ap 1954-1961 Arvid Hanssen (1932-1998), forfattar Kent Nilssen (f. 1937) TV-direktør (NRK) 1993-1998 Ragnar Olsen (f. 1950), forfattar og musikar Åge Konradsen (f. 1954), stortingsrepresentant for Høgre 2001-2005 Anne-Lise Sollied Allemano (f. 1964), songar (sopran) Tor Eystein Øverås (f. 1968), forfattar (Finnsnes) Ingerid Stenvold (f. 1977), journalist og programleiar Maria Haukaas Mittet (f. 1979), songar og skodespelar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Lenvik» frå , den 11. april 2008.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Tidlegare kommunar i Troms
Kategori:Senja Kategori:Norske kommunar skipa i 1838 Kategori:Norske kommunar nedlagde i 2019