Alicia de Larrocha y de la Calle () var ein spansk pianist og komponist. Ho er blitt kalla ein av dei største pianistane i sin generasjon.

Ho vann fleire Grammy-prisar og ein Fyrsten av Asturias-pris. Ho er blitt gjeven æra for å ha gjort verka til Isaac Albéniz og Enrique Granados meir kjende. I 1995 blei ho den første spanske kunstnaren tl å vinna UNESCO-prisen.

Liv Alicia de Larrocha vart fødd i Barcelona i Spania, der ho studerte piano saman med Frank Marshall allereie frå ho var tre år gammal. Då ho var seks hadde ho sin første konsert, og sin første orkesterdebut i ein alder av elleve. I 1947 byrja ho ein internasjonal turne, med ei rekkje pianosolistparti på repertoaret. Ho er mest kjend for sine innspelingar av Enrique Granados og Isaac Albéniz sine verk

I 1995 var ho ein enno aktiv pianist, men ho måtte gjera visse tilpassingar etter kvart som ho vart eldre. Ho var lita av vekst, under 150 cm høg, og hendene hennar var små for ein pianist. Dette gjorde at ho blant anna måtte slutta å spela Rakhmaninov.

Ho vann ein Grammy-pris i 1975 og ein i 1992. Då var ho nesten 70 år gammal. I 1994 fekk ho 'Fyrsten av Asturias-prisen for kunst.

De Larrocha trekte seg tilbake frå offentlege opptredenar i oktober 2003, då ho var 80 år gammal, etter ein 76 år lang karriere. Ho døydde 25. september 2009 på Hospital Quirón i Barcelona i ein alder av 86. Helsetilstanden hadde forverra seg gradvis etter at ho brekte låret to år tidlegare.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Alicia de Larrocha» frå , den 22. september 2018.

Bakgrunnsstoff

Intervju med New York Timest

Kategori:Pianistar Kategori:Spanske musikarar