ZZ Top's First Album er debutalbumet til det amerikanske rockebandet ZZ Top. Det vart produsert av manageren Bill Ham, og kom ut 16. januar 1971, på London Records. Det etablerte haldninga og humoren deira, som ZZ Top blanda med boogie, hardrock og southern rock til sin eigen stil. Tematisk er albumet livleg og leikent og stundom freidig, med tekstar om opplevingar bandet hadde hatt og seksuelle antydingar. Dette vart sentralt i imaget til bandet. Dei søkte inspirasjon frå Fleetwood Mac og ZZ Top byrja å spele inn albumet i Robin Hood Studios i Tyler i Texas. Det kom bere ut ein singel frå albumet, «(Somebody Else Been) Shakin' Your Tree», men han gjekk ikkje inn på Billboard-lista.

I 1987 vart albuma miksa på ny for CD. I 2013 vart den originale vinylmiksen gjeven ut på HD Tracks i høgoppløyselege digitale format. Den originale miksen av albumet kom ut på CD i juni 2013 som ein del av plateboksen The Complete Studio Albums (1970–1990). I oktober 2017 vart ei 180 grams vinylutgåve gjeven ut med den originale miksen.

Innhald

Medverkande ZZ Top Billy Gibbons – gitar, vokal Dusty Hill – bassgitar, klaverinstrument, korvokal, solovokal på «Goin' Down to Mexico» og «Squank» Frank Beard – trommer, perkusjon (oppført som «Rube Beard»)

Produksjon Produsent – Bill Ham

Kjelder Denne artikkelen bygger på «ZZ Top's First Album» frå , den 29. september 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:London Records-album Kategori:ZZ Top-album Kategori:Debutalbum frå 1971 Kategori:Album produserte av Bill Ham