«Slow Ride» er ein song av det britiske rockebandet Foghat. Han var den første singelen frå det femte studioalbumet deira, Fool for the City (1975), gjeve ut på Bearsville Records. I 2009 vart han kåra til den 45. beste hardrocksongen gjennom tidene av VH1.

Det finst fem versjonar av songen. Den originale LP-versjonen frå Fool for the City varer litt over åtte minuttar. Singelversjonen, som finst på mange samleplater, varer rett i underkant av fire minuttar, der slutten vert tona ut. Konsertversjonen frå 1977 varer litt over åtte minuttar, versjonen deira på King Biscuit Flower Hour er over ti minuttar og konsertversjonen frå 2007 er på oppunder ti minutt.

I følgje trommeslagaren Roger Earl vart songen skapt under ein jam med den då nye bassisten Nick Jameson.

Salslister

Vekeslister Liste (1975–76) Plassering Canada Top Singles (RPM)14

Årslister Liste (1976)PlasseringCanada133USA (Joel Whitburn's Pop Annual)133

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Slow Ride» frå , den 11. oktober 2018. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Singlar frå 1975 Kategori:Bearsville Records-singlar Kategori:Foghat-songar