mini|Strukturformelen til handelsvaren garvesyre mini|Tanninpulver
Garvesyre, garvestoff eller tannin er ei gruppe kompliserte organiske sambindingar som finst i plantar og plantedelar. Dei verner plantar og tre mot beiting og nedbryting frå sopp og bakteriar.
Handelsvaren garvesyre blir vunne ut frå galleple og har kjemisk formel (summeformel) C76H52O46. Garvesyre er lettløyseleg i vatn og verker snerpande (astringerande). Stoffet har stor fellingsevne, blant anna for protein, og er viktig del av naturlege garvestoff.
I vin bidrar garvesyre både til smak og haldbarheit og gjev eit visst snerpande preg om ho finst i større mengder, til dømes i vin som ikkje er ferdiglagra.
Referansar
Kategori:Esterar Kategori:Matvarer