mini|«Dødspasset» ved brua over Kwai. Broen over Kwai er eit britisk-amerikansk krigsdrama frå 1957 regissert av David Lean. Handlinga er lagt til det japansk-okkuperte Burma under andre verdskrigen. Dei japanske okkupantane brukar britiske krigsfangar som arbeidskraft til å byggja ei jernbanebru over elva Kwai. Allierte styrkar har samstundes planar om å senda sabotørar for å sprenga brua. Dei leiande rollene vert spelte av William Holden, Jack Hawkins, Alec Guinness og Sessue Hayakawa. Manus er basert på ein roman av Pierre Boulle.

Filmen vann sju oscarprisar, blant anna for beste regi (David Lean), beste hovudrolle (Alec Guinness) og beste originalmusikk (Malcolm Arnold).

Mesteparten av filmen vart spelt inn på (noverande) Sri Lanka.

Samsvar med faktiske hendelser Handlinga til filmen er i stor grad fiksjon, men den er basert på den faktiske bygginga i 1943 av ei jernbanebru over (elva) Mae Klong (som nå kalles Khwae Yai), ved Tha Makham omlag fem kilometer fra den thailandske byen Kanchanaburi (i Kanchanaburi-fylket).Kanchanaburi to seek recognition of Death Railway as a World Heritage Site . The Nation (Thailand), 06-05-2018, hentet 06-05-2018.

Prisar

Oscar-prisar PrisPersonBeste regiDavid LeanBeste mannlege hovudrolleAlec GuinnessBeste kinematografiJack HildyardBeste filmSam SpiegelBeste filmklippPeter TaylorBeste originalmusikkMalcolm ArnoldBeste filmatiseringRobert BoltMichael WilsonPierre BoulleNominertBeste mannlege birolleSessue Hayakawa

Relevante historiske hendingar Handlinga i filmen er laust knytt til den faktiske konstruksjonen av ei jernbanebru over elva Mae Klong (som fekk eit nytt namn på 1960-talet, Khwae Yai), ved staden Tha Ma Kham, fem kilometer frå byen Kanchanaburi. Commonwealth War Grave Commission seier at «Den berykta Burma-Siam-jarnbana, bygga av krigsfangar frå Samveldet, Nederland og USA, var eit japansk prosjekt som hadde som føremål å betra kommunikasjonane for å forsyna den store japanske hæren i Burma. I løpet av anleggstida døydde kring tretten tusen krigsfangar, og dei vart gravlagde langs jarnbana. Ein rekner med åtti tusen til eitt hundre tusen sivile døydde i anleggstida, hovudsakleg tvangsarbeidarar frå Malaya og Nederlandsk India, eller frå Siam og Burma».Kanchanaburi War Cemetery To arbeidsstyrkar jobba frå kvar sin ende av jarnbana, mot midten.

Referansar

Denne artikkelen bygger på «Broen over Kwai» frå , den 14. november 2018.

Kategori:Engelskspråklege filmar Kategori:Filmar frå 1957 Kategori:Andre verdskrigen Kategori:Britiske filmar Kategori:USA-amerikanske filmar Kategori:Krigsfilmar Kategori:Filmar om andre verdskrigen