Marit Røsberg Jacobsen () er ein norsk handballspelar frå Narvik som vart europameister 2020, verdsmeister 2021 og olympisk meister 2024 med Noregs kvinnelandslag. Ho er høgre kantspelar, sidan sommaren 2018 aktiv i Esbjerg frå Danmark. Åra 2016-24 deltok Jacobsen i 113 landskampar og skåra 196 mål.
Klubbspel Jacobsen flytta til Trondheim, og spelte ein sesong på Charlottenlund SK. Deretter var ho Selbu-spelar i tre år, før ho i tida 2014-18 var aktiv i Byåsen Idrettslag.
Landslagsspel Jacobsen debuterte 1. juni 2016 i ein bortekamp mot Belarus. Åra 2017-21 var ho med på Noregs lag i alle meisterskapsturneringane. Ho fekk med seg ein sølvmedalje i VM 2017 og vann gull i EM 2020. Året 2021 vann ho OL-bronse og VM-gull. Korkje til EM 2022 eller VM 2023 fekk ho plass i Noregs tropp. Derimot deltok ho sommar-OL 2024 i Paris, der det vart ein suveren siger over arrangørlandet i finalen.
Merittar landslag VM 2017: Sølvmedalje etter 21–23 mot Frankrike EM 2018: Nr 5 etter 38–29 mot Sverige VM 2019: Nr 4 etter 28–33 mot Russland EM 2020: Gullmedalje etter 22–20 mot Frankrike OL i 2021: Bronsemedalje etter 36–19 mot Sverige VM 2021: Gullmedalje etter 29–22 mot Frankrike OL 2024: Gullmedalje etter 29–21 mot Frankrike EM 2024: Gullmedalje etter 31–23 mot Danmark
Kjelder NHF
Kategori:Norske handballspelarar Kategori:Europameistrar i handball Kategori:Spelarar i Handball-VM 2017 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-EM 2018 for kvinner Kategori:Spelarar i Handball-EM 2020 for kvinner Kategori:Olympiske medaljevinnarar i handball Kategori:Olympiske meistrar for Noreg Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Noreg Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2020 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2020 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 2024 Kategori:Norske deltakarar under sommar-OL 2024 Kategori:Handballspelarar under sommar-OL 2024 Kategori:Folk frå Narvik