mini|Bergensfjord i opplag, Oslo hamn 1938. DS «Bergensfjord» var eit norsk atlanterhavsskip som tilhøyrde Den norske Amerikalinje og gjekk i trafikk mellom Noreg og USA. Under andre verdskrigen vart det nytta til troppetransport. Etter krigen fekk det søramerikanske og så israelske eigarar.

Skipet var bygd av Cammell Laird i Birkenhead i England. Det vart overlevert til Den norske Amerikalinje A/S i september 1913. DS «Bergensfjord» var søsterskip til DS «Kristianiafjord». Jomfruturen gjekk frå Bergen 28. september 1913 til New York.

Skipet fekk ein eksplosjon i motorrommet i juli 1924, med det resultat at skipet måtte strandast. Skipet vart reparert og var tilbake i trafikk i september same året.

DS «Bergensfjord» var troppetransportskip under andre verdskrigen og levert tilbake til reiarlaget i 1946. Det vart straks selt vidare til Panama Lines til bruk i emigranttrafikk til Sør-Amerika. Namnet vart endra til DS «Argentina». I 1952 vart skipet selt vidare til Zim Lines. Det vart då omdøypt til DS «Jerusalem» og sett inn i rute mellom Israel og New York. I 1957 vart namnet endra til DS «Aliya». Skipet vart hogge opp i 1959.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «DS «Bergensfjord» (1913)» frå , den 18. desember 2018.

Litteratur Yngvar Holm: Den store boken om amerikabåtene. Nasjonen maritime stolthet. Edvard'en forlag Bergen 2004.

Geir Hestmark 2020: Lykkeskipet Bergensfjord. Verdenskrig og etterkrigsår 1939–1959. Oslo: Kagge Forlag AS.

Kategori:1913 i Noreg Kategori:Norske dampskip Kategori:Norske passasjerskip Kategori:Sjøfart i Vestland Kategori:Skip bygde i Storbritannia Kategori:Skip frå 1913