Fallen Angels er det 37. studioalbumet til Bob Dylan, utgjeve på Columbia Records den 20. mai 2016.

Albumet består av coverversjonar av tolv klassiske amerikanske songar vald ut av Dylan frå ei rekkje låtskrivarar som Johnny Mercer, Harold Arlen, Sammy Cahn og Carolyn Leigh. Som det førre albumet, Shadows in the Night, vart alle songane på albumet, utanom «Skylark», ein gong spelt inn av Frank Sinatra.

Albumet fekk generelt god kritikk av kritikarane, særleg synginga til Dylan, produksjonskvaliteten og arrangementa til bandet. Fallen Angels vart nominert til Grammyprisen for beste tradisjonelle popvokalalbum i februar 2017.

Innspeling Fallen Angels vart spelt inn i 2015 i Capitol Studios i Hollywood, med turnébandet sitt.

Utgjeving Fallen Angels kom ut på Columbia Records den 20. mai 2016.

Før albumet kom ut, den 7. april 2016, vart songen «Melancholy Mood» lagt ut på iTunes og via strøyming på YouTube. Den 28. april 2016, dagen då Dylan fullførte ein turné i Japan, kom eit anna spor frå albumet ut, «All the Way», på iTunes og YouTube.

For å marknadsføre albumet gav Dylan ut ein 7" EP den 16. april 2016 kalla Melancholy Mood, avgrensa til 7000 eksemplar.

Mottaking

Fallen Angels fekk generelt god kritikk frå kritikarane. På Metacritic, som gjev ei normalisert rating opp til 100 basert på andre meldingar, har albumet ein score på 77, basert på 21 meldingar.

Særleg la kritikarane vekt på arrangementa til bandet, produksjonen og røysta til Dylan. Andy Gill i The Independent skreiv «den rolege klimpringa og fyldige pedalsteelgitaren til bandet hans legg ei folkeleg countrystemning over den elegante og verdsmatte smørsongarvokalen til Dylan.». Helen Brown skreiv for The Daily Telegraph og hylla òg vokalen til Dylan på albumet, og sa: «Sjølv om somme alltid har hevda at Dylan 'ikkje kan syngje', er sanninga at på same måte som Sinatra, har han alltid hatt ein slåande hang til å få teksten gjennom. No eig han klassiske linjer av låtskrivarar som Johnny Mercer lett som berre det.»

Stephen Thomas Erlewine i AllMusic skreiv: «Desse kloke og snedige tolkingane understrekar det ultimate målet til Dylan med desse Sinatra-platene, som er på smart vis å knyte saman ulike trådar av amerikansk musikk, bringe Tin Pan Alley til pubane og ta urskogen inn i byen. Resultata er underdrivne, men likevel usedvanlege. Eit særeige, romantisk syn på Amerika på 1900-talet.»

Chris Gerard, skreiv for PopMatters, og meinte at albumet ikkje heilt klarte å leve opp til standarden Dylan sette med det førre Great American Songbook-prosjektet, Shadows in the Night, men var elles positiv: «Det er ikkje på same nivå som Shadows in the Night, som er mørkare, meir kjenslemessig intenst og alt i alt ei meir potent oppleving. Stundom kjennest Fallen Angels meir ut som ein lettvektar. Det er likevel ei rørande hyllest til lidenskapen Dylan framleis har for musikk, kjærleiken hans til å framføre og feiringa av forbanna gode songar.»

Innhald

Medverkande Bob Dylan – vokal

Andre medverkande Charlie Sexton – gitar Stu Kimball – gitar Dean Parks – gitar Donnie Herron – steelgitar, bratsj Tony Garnier – bassgitar George Recile – trommer

Produksjon og teknisk Al Schmitt – miksing og lydteknikar Steve Genewick – assisterande lydteknikar James Harper – blåsearrangement/dirigent Greg Calbi – mastering Geoff Gans – plateomslag

Salslister

Vekeslister Liste (2016) Plassering Greske album (IFPI) 12 Italienske album (FIMI) 14 Italienske vinylplater (FIMI) 2 New Zealand Albums (RMNZ) 11

Årslister Liste (2016) Plassering Belgiske album (Ultratop Flandern) 91

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Fallen Angels (Bob Dylan album)» frå , den 22. desember 2018. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Musikkalbum frå 2016 Kategori:Bob Dylan-album Kategori:Coveralbum Kategori:Columbia Records-album Kategori:Album produserte av Bob Dylan Kategori:Tradisjonell pop-album