Pave Gelasius I () var pave frå 1. mars 492 til han døydde i 496. Han er helgen i den katolske kyrkja, med festdag 21. november.

Bakgrunn Liber Pontificalis fortel at Gelaisu var natione Afer, noko som er tolka som at han kom frå den romerske provinsen Africa. Far hans var ein prest med namnet Valerius. I eit brev til keisar Anastasios I kalla han seg Romanus natus ('romersk fødd').

Gelasius arbeidde både for pave Simplicius og for etterfølgjaren hans Felix II, som han blei ein viktig rådgjevar for.

Pavegjerning Gelasius blei vald til pave den 1. mars 492, etter pave Felix II (III). Han kjempa for å verna dei gamle tradisjonane, og meinte av prestemakta overgjekk den til kongane. Dette blei han ofte sitert på i mellomalderen. Han bidrog med ein viktig lærestening som tok for seg oppdelinga mellom verdsleg og andeleg makt slik han rekna ho skulle vera mellom paven og keisaren. Denne dualistiske doktrine om «dei to sverda» fekk stor tyding for kyrkjereformene i høgmellomalderen, då paven og kyrkja si makt auka i høve til den til verdslege monarkar.

Gelasius skreiv også mange hymne og ei messebok.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Gelasius I» frå , den 22. januar 2019. oppgav desse kjeldene:   Catholic Encyclopedia, Volume VI (1909)

Bakgrunnsstoff

Kategori:Pavar Kategori:Døde på 400-talet