Fortnite er eit tredjepersons skytespel og overlevingsspel utvikla av Epic Games og fyrst gjeve ut i 2017.
Grafikken i spelet liknar den i dataspelet Overwatch, og det er eit lysare alternativ til andre skytespel, grunna lite blod og valdelege detaljar. Fortnite er populært hjå yngre spelarar. Det består av to delar. «Save the World» og «Battle Royale». Fortnite kom fyrst ut som eit early access-spel 25. juli 2017, men fullstendig utgjeving kom fyrst i 2020. Fortnite Battle Royale vart ein stor suksess verda over, med over 125 millionar spelarar på under eitt år, og tente inn hundretals millionar dolllar per månad.
Det er gratis å spela dei ulike delane av spelet, bortsett frå Save the World. Pengar i spelet blir kalla V-Bucks, og dei kan anten kjøpast for ekte pengar eller tenast gjennom å fullføra ulike oppdrag i spelet.
Aldersgrensa for spelet er 12 år, grunna tunge menyar og kompliserte oppgraderingssystem.
Spelmodusar Fortnite: Save the World Save the World var den fyrste delen av Fortnite som blei gitt ut. Spelet føregår i tida vår, der 98 % av folkesetnaden forsvinn grunna ein verdsomspennande storm. Opptil fire spelarar kan samstundes samarbeida om å fri verda frå zombiar. Her kan ein konstruera våpen, byggja basar og laga feller for å drepa zombiane.
Fortnite Battle Royale Battle royale-delen vart lansert i september 2017. Spelet består av at 100 spelarar vert droppa på ei øy. Her må ein finna våpen, skaffa seg resursar og drepa fiendar. Den siste overlevande vinn.
Prisar og utmerkingar I 2017 vart spelet nominert for Best Co-op Game av PC Gamer, og for Best Spectator Game av IGN. I 2018 vann spelet prisen for Best Ongoing Game av PC Gamer og IGN. Sistnemnde nominerte det også for Best Nintendo Switch Game, Best Mobile Game og Best Action Game.
Prisar og utmerkingar ÅrPrisKategoriResultat 2017 The Game Awards 2017 Best Multiplayer 2018 16th Visual Effects Society Awards Outstanding Visual Effects in a Real-Time Project (A Hard Day's Night) 21st Annual D.I.C.E. Awards Outstanding Achievement in Online Gameplay SXSW Gaming Awards 2018 Excellence in Multiplayer Excellence in Gameplay 14th British Academy Games Awards Best Evolving Game Best Multiplayer Webby Awards People's Voice Award for Best Multiplayer/Competitive Game Game Critics Awards Best Ongoing Game Develop Awards Best Animation Teen Choice Awards Choice Videogame Golden Joystick Awards Best Competitive Game Mobile Game of the Year Ultimate Game of the Year The Game Awards 2018 Best Multiplayer Game Best Mobile Game Best Ongoing Game Best Esports Game Gamers' Choice Awards Fan Favorite Game Fan Favorite Multiplayer Game Fan Favorite eSports Game Fan Favorite Battle Royale Game Fan Favorite eSports League Format (Community Skirmishes) Australian Games Awards Multiplayer/Online Title of the Year Mobile/Handheld Title of the Year Shooter of the Year Game of the Year 2019 22nd Annual D.I.C.E. Awards Online Game of the Year National Academy of Video Game Trade Reviewers Awards Engineering (Fortnite Battle Royale) Game, eSports (Fortnite Battle Royale) SXSW Gaming Awards 2019 Excellence in Multiplayer Most Evolved Game Most Promising New eSports Game Mobile Game of the Year
Kjelder
Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad
Kategori:Dataspel frå 2017 Kategori:Macintosh-spel Kategori:Nintendo Switch-spel Kategori:PlayStation 4-spel Kategori:Windows-spel Kategori:Xbox One-spel