Bloodstained: Ritual of the Night er eit action-eventyrspel utvikla av ArtPlay, DICO og WayForward Technologies, og utgjeve av 505 Games. Utviklinga av spelet er leidd av den tidlegare produsenten for Castlevania-serien, Koji Igarashi, og er rekna som ein andeleg oppfølgjar til denne serien. Bloodstained vart finansiert gjennom Kickstarter og vart gjeve ut i juni 2019 til Microsoft Windows, Nintendo Switch, PlayStation 4 og Xbox One. Eit supplerande spel i retro-stil, Bloodstained: Curse of the Moon, vart utvikla av Inti Creates og utgjeve i mai 2018.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad Kickstarter-side for Bloodstained

Kategori:Action-eventyrspel Kategori:Dataspel frå 2019 Kategori:Metroidvania-spel Kategori:Nintendo Switch-spel Kategori:PlayStation 4-spel Kategori:Windows-spel Kategori:Xbox One-spel