Tristan Frederick Allan Fry () er ein britisk trommeslagar og perkusjonist. Fry byrja karrieren sin i London Philharmonic Orchestra på pauker då han var 17 år gammal. Han har skipa ei rekkje ensemble, som Nash, Fires of London og London Sinfonietta. Han har arbeidd som studiomusikar for ei rekkje pop- og rockartistar, som The Beatles, Frank Sinatra, Olivia Newton-John, John Martyn, Elton John, Nick Drake og David Essex, blant fleire. Fry var perkusjonist på Beatles sin «A Day in the Life», der han spelte pauker under klimakset i songen. Han har òg spelt på forskjellige innspelingar for TV og film.
Frå 1979 til 1995 var han trommeslagar i den progressive rockegruppa Sky med John Williams, Kevin Peek, Francis Monkman, Herbie Flowers og seinare Steve Gray.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Tristan Fry» frå , den 8. april 2019. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff Biografi på AllMusic
Kategori:Britiske trommeslagarar Kategori:Britiske perkusjonistar Kategori:Sky-medlemmar