Johannes Pettersen Løkke () var ein norsk arbeidar og politikar frå Notodden. Han var ordførar i Notodden i over åtte år og stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet i fire år.

Far til Løkke var snikkar. Sjølv utdanna han seg til salmakar, sidan arbeidar og salmakar ved Norsk Hydros sekkefabrikk på Notodden frå 1921 til 1962.

Løkke engasjerte seg i arbeidarrørsla og var 1934-36 styremedlem i Norsk kjemisk industriarbeiderforbund. Lokalt var han formann i Hydroarbeidernes forening på Notodden i åtte år frå 1937. Frå same året var han også medlem i Notodden kommunestyre, ein posisjon han hadde til 1969, med unnatak for nokre av okkupasjonsåra. I 1944-45 sat Løkke i tysk fangeleir på Grini ved Oslo. Hausten 1945 vart han vald til ordførar i Notodden, eit verv han hadde til 1953. På Notodden leia han fleire kommunale nemnder. Han var også formann i samferdselsnemnda i Telemark frå 1948, og ei tid med i Tilsynskommisjonen for Bratsbergbanen. Seinare var han styremedlem i Årdal og Sunndal Verk.

Stortingsperioden 1950-53 representerte Løkke dei åtte kjøpstadene i Telemark og Aust-Agder på Stortinget. Heile fireårsperioden var han medlem i Protokollkomiteen. Han nådde ikkje heilt opp i nominasjonen då ordninga med eigne valkrinsar for byane og kjøpstadene vart avvikla. Såleis vart han verande vararepresentant til Stortinget 1954-57.

Kjelder Stortingsbiografi

«70 år»

Kategori:Stortingsrepresentantar 1950-1953 Kategori:Folk frå Oslo Kategori:Folk frå Notodden