DS «Pallas» (kallesignal JQVL) var eit dampskip bygt i 1879 som eit lasteskip for Det Bergenske Dampskibsselskab. Skipet vart bygd ved Bergen Mek. Verksted og levert i mars 1879 til ein kostnad på 191 121 kroner. Skipet hadde to dekk med lang poop og bakk.
2. april 1886 forliste «Pallas» på Prestøgalten ved Nerøysundet på reise frå Kristiania til Vadsø med stykkgods. Skipet vart vrak.
Kjelder
Kategori:Norske dampskip Kategori:BDS-eigde fartøy Kategori:Skip bygde ved Bergen Mekaniske Verksted Kategori:Skip frå 1879 Kategori:Forlis i 1886 Kategori:Forlis i Trøndelag Kategori:Historie i Nærøysund