Jozjef Jozjefovitsj Sabo () er ein tidlegare fotballspelar og -trenar frå Uzjhorod i vestlege Ukraina, etnisk ungarar. Han hadde suksess med Dynamo Kiev og det sovjetiske landslaget. Landslagssjef for Ukraina i 1994 og 1996-99.

Klubbspel Sabo var aktiv for Dynamo Kiev frå 1959 til -69. Med storklubben frå Kiev vann han seriemeisterskapen fire gongar, mellom anna tre sesongar i rad, 1966-68. Dessutan vann Dynamo Kiev og Sabo den sovjetiske cupfinalen i fotball i 1964 og 1966. År 1970 spelte Sabo for Zorja Vorosjilovgrad, før han avslutta spelet på bana med Dynamo Moskva i 1971 og 1972. I mai 1972 var han kaptein då laget frå Moskva tapte finalen i Cupvinnarcupen med 2-3 mot Rangers FC frå Glasgow i Skottland.

Landslagsspel Sabo spelte 34 landskampar over ein periode på to og eit halvt år frå oktober 1965. Der etter var han ute av landslaget til det var klart for Sommar-OL i München i 1972, med unnatak for ein EM-kvalifiseringskamp mot Spania 30. mai 1971. Sabo var på plass i fire av Sovjetunionen sine VM-kampar i 1966 og fem av OL-kampane i 1972. Både i verdsmeisterskapen og sommarleikane tok Sovjet-mannskapet seg til bronsefinale, begge finaleoppgjera såg Sabo frå sidelinja. I alt deltok han i 40 landskampar og skåra 8 mål.

Merittar OL-bronse: 1972 for Sovjetunionen VM-firar: 1966 for Sovjetunionen Sovjetisk seriemeister: 1961, 1966, 1967 og 1968 med Dynamo Kiev Sovjetisk cupmeister: 1964 og 1966 med Dynamo Kiev

Kjelder Denne artikkelen bygger på «József Szabó (Fußballspieler, 1940)» frå , den 6. mai 2019.

eu-football

Kategori:Sovjetiske fotballspelarar Kategori:Ukrainske fotballspelarar Kategori:Dynamo Kiev-spelarar Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1962 Kategori:Spelarar i Fotball-VM 1966 Kategori:Olympiske bronsemedaljevinnarar for Sovjetunionen Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1972 Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1972 Kategori:Fotballspelarar under sommar-OL 1972