«Hole in My Shoe» er ein song av det engelske rockebandet Traffic. Han kom ut på singel og nådde andreplassen på UK Singles Chart,Traffic in the UK Charts , The Official Charts. Henta 20. juli 2019. 22. plassen i Tyskland, og fjerdeplassen i Canada i 1967. Han var skriven av gitaristen Dave Mason og vart mislikt av dei tre andre i gruppa, som meinte han ikkje representerte den musikalske eller lyriske stilen deira.Black, Johnny (May 1997). Feature: Steve Winwood , Mojo.
Andre versjonar
I situsjonskomedien The Young Ones på BBC, song ofte Neil, ein av hovudrollene i serien, ei linje frå songen. I juli 1984 spelte til slutt Nigel Planer, som spelte Neil, ein versjon av songen, og denne nådde òg andreplassen på den britiske singellista. Hhan hadde med seg Barbara Gaskin på korvokal og han vart produsert av Dave Stewart.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Hole in My Shoe» frå , den 20. juli 2019. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Traffic-songar Kategori:Singlar frå 1967 Kategori:Singlar frå 1984 Kategori:Nummer-ein-singlar i Irland Kategori:Songar skrivne av Dave Mason Kategori:Songar produserte av Jimmy Miller Kategori:Songar frå 1967 Kategori:Island Records-singlar Kategori:United Artists Records-singlar