Anatolij Arkadjevitsj Mikhajlov () var ein friidrettsutøvar frå Leningrad som tevla for Sovjetunionen. Han vart europameister i 110 meter hekk i 1962 og vann bronsemedaljen i øvinga i Sommar-OL 1964.

Aktiv Mikhajlov vann bronsemedalje på korthekken under europameisterskapen 1958 i Stockholm med tida 14,4 sekundar, vesttyske Martin Lauer sette europarekord på 13,7 og vann gull, jugoslaven Stanko Lorger tok sølv på 14,1. Under dei olympiske sommarleikane 1960 i Roma imponerte Mikhajlov med 13,9 sekundar i kvartfinalane, men i semifinalen fall han og rauk ut or tevlinga.

Høgdepunktet for Mikhajlov kom i europameisterskapen 1962 i Beograd. Med 13,8 og ny sovjetisk rekord sigra han føre italienaren Giovanni Cornacchia på 14,0. To år seinare gjorde Mikhajlov sitt livs beste hekkeløp under Sommar-OL 1964 i Tokyo. I finalen fekk han slutttida 13,7 sekundar (elektronisk tid 13,78), og vann bronsemedaljen bak dei to USA-amerikanarane Hayes Jones (13,67) og Blaine Lindgren (13,74). Ved europameisterskapen 1966 i Budapest vart Mikhajlov fjerdemann med 14,1.

Frå 1957 til 1966 vann Mikhajlov samtlege ti meisterskaps-finalar på korthekken i den sovjetiske friidrettsmeisterskapen.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap OL 1956 i Melbourne: Utslått i forsøka (14,6=nr 13) EM 1958 i Stockholm: Bronsemedalje – 14,4 OL 1960 i Roma: Utslått i semifinalane (braut=nr 12) EM 1962 i Beograd: Gullmedalje – 13,8 OL 1964 i Tokyo: Bronsemedalje – 13,7 EM 1966 i Budapest: Nr 4 – 14,1

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Anatoli Arkadjewitsch Michailow» frå , den 14. august 2019.

World Athletics

Kategori:Sovjetiske hekkeløparar Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1956 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1956 Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1960 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1960 Kategori:Sovjetiske deltakarar under sommar-OL 1964 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1964 Kategori:Medaljevinnarar under sommar-OL 1964