Kastellet skule er ein 1-10 skule i bydel Nordstrand i Oslo. Han stod ferdig i 2004, og det vart dermed etablert ein ny skulekrets mellom Bekkelaget og Nordstrand. Skulen vart bygd for omkring 550 elevar, og hadde i 2010 ca. 610 elevar. Skuleanlegget består av 4 bygg. Bygg A er hovudbygget med administrasjon og spesialrom, Bygg B vert disponert av småskolen og Aktivitetsskulen (tidlegare Skulefritidsordninga/SFO), Bygg C vert nytta av mellomtrinnet og funksjonshemja (Regnbuen), og Bygg D er for ungdomstrinnet.
Skulen sin spesialavdeling Regnbuen er for elevar med ulike funksjonshemningar og har byomfattande inntak. Avdelinga hadde 12 elevar i 2010.
Anlegget er utforma med inspirasjon frå læreplanen L97 og den såkalla Innstillinga til kvalitetsutvalet frå 2003.Utdanningsdirektoratets rådgivingstjeneste for skoleanlegg Han er såleis bygd som ein såkalt baseskule, med hovudsakleg opne og fleksible romløysingar. Det var til å byrja med store støyproblem i særskilde delar av skuleanlegget.
Rektorar
2004-2009: Per Bjarne Ella (til Fyrstikkalleen skule) 2009-2015: Torill Røeggen (til Ullern vidaregåande skule) 2015–2018: Ronny Trogstad 2018-2019: Kjersti Svendsen
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Kastellet skole» frå , den 26. september 2019.
Bakgrunnsstoff Nettsidene til utdanningsetaten om skulen Data og statistikk - MinOsloskole, Oslo kommune. Vitja 5. februar 2018.
Kategori:Bydel Nordstrand Kategori:Skipingar i 2004 Kategori:Skular i Oslo