Martina Hrašnová, fødd Danišová, () er ein sleggjekastar frå Bratislava i Slovakia. Ho vann bronsemedaljen i øvinga under verdsmeisterskapen 2009 og tok sølvmedaljen i europameisterskapane 2012 og 2014.
Aktiv Hrašnová forbetra i 2008-sesongen sitt personbeste med tre meter til 76,82 m, eit kast heilt opp mot verdstoppen i øvinga. Den 16. mai 2009 gjorde ho Trnava sitt livs beste kast då sleggja landa på 76,90 meter. Under verdsmeisterskapen i Berlin tre månader seinare nådde ho 74,79 m og tok bronsemedaljen.
Etter å a vorte mor i 2010 kom Hrašnová tilbake i sleggjeringen. Ved europameisterskapen 2012 i Helsinki kasta ho 73,34 og vann sølv, ein liten meter kortare enn det verdseinar Anita Włodarczyk frå Polen presterte. To år seinare vann dei same to utøvarane nytt sølv og nytt gull då EM 2014 fann stad i Zürich, der skilde det over fire meter mellom dei.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap VM 2001 i Edmonton: Utslått i kvalifiseringa (61.26=nr 23) EM 2002 i München: Utslått i kvalifiseringa (60,28 m=nr 26) EM 2006 i Göteborg: Utslått i kvalifiseringa (62,39=nr 26) VM 2007 i Osaka: Utslått i kvalifiseringa (68,15 m=nr 13) OL 2008 i Beijing: Nr 8 – 71,00 m VM 2009 i Berlin: Bronsemedalje – 74,79 m EM 2012 i Helsinki: Sølvmedalje – 73,34 m OL 2012 i London: Utslått i kvalifiseringa (68,41 m=nr 20) VM 2013 i Moskva: Utslått i kvalifiseringa (68,00 m=nr 20) EM 2014 i Zürich: Sølvmedalje – 74,66 m VM 2015 i Beijing: Utslått i kvalifiseringa (68,80 m=nr 16) EM 2016 i Amsterdam: Nr 7 – 70,62 m OL 2016 i Rio de Janeiro: Utslått i kvalifiseringa (67,63 m=nr 19) EM 2018 i Berlin: Utslått i kvalifiseringa (66,37 m=nr 18) VM 2019 i Doha: Nr 9 – 71,28 m
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Martina Hrašnová» frå , den 28. september 2019.
World Athletics
Kategori:Slovakiske sleggekastarar Kategori:Slovakiske deltakarar under sommar-OL 2008 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008 Kategori:Slovakiske deltakarar under sommar-OL 2012 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012 Kategori:Slovakiske deltakarar under sommar-OL 2016 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2016 Kategori:Slovakiske deltakarar under sommar-OL 2020 Kategori:Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2020 Kategori:Folk frå Bratislava