Ein sameby er ei juridisk eining innanfor samisk reindrift i Sverige.For norske lesarar er det nyttig å vita at by på svensk betyr 'bygd' eller 'landsby', ikkje ein urban «by», som på svensk heiter stad. Samebyane tilsvarer på mange måtar dei norske reinbeitedistrikta, med nokre vesentlege skilnader. Samebyane byggjer på, men er ikkje alltid samanfallande med den tradisjonelle sidainndelinga i det samiske samfunnet.

Retten til reindrift er i Sverige knytt til samisk herkomst og medlemskap i ein sameby (i tillegg er det visse unntak for reindift i Tornedalen. Om lag 10 % av alle svenske samar er medlem av ein sameby.Samebyerna organiserar renskötseln hos samer.se Til skilnad frå dei norske reinbeitedistrikta forvaltar mange av samebyane òg retten til jakt og fiske innanfor grensene sine, og har òg rett til ved, bygningsmateriale og duodjimateriale til eige bruk.

Samebyane er heimla i den svenske Rennäringslagen frå 1971,Rennäringslag hos riksdagen.se og i eldre lovar attende til den første renbeteslagen i 1886. Det er i alt 51 samebyar i Sverige.Karta över samebyarna i Sverige hos samer.se Dei er delte inn i 33 fjellsamebyar, 10 skogsamebyar og 8 konsesjonssamebyar i Tornedalen.Samebyerna organiserar renskötseln hos samer.se I 2010 var 4 686 reineigarar medlemmar av samebyane.

Sjå òg

Liste over samebyar i Sverige

Kjelder

<div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Sameby» frå , den 19. oktober 2019.

Referansar

Kategori:Reindrift Kategori:Samisk politikk