For Girls Who Grow Plump in the Night er det femte studioalbumet til Canterbury scene-bandet Caravan, utgjeve i oktober 1973.
Bakgrunn Etter dårlege salstal, trass gode kritikkar, med dei tre første albuma deira, slutta den opphavlege klaverspelaren Dave Sinclair. Han vart erstatta av Steve Miller for det neste albumet deira, Waterloo Lily, som kom ut før For Girls Who Grow Plump in the Night. Richard Sinclair og Miller ønskte å ta bandet meir i retning av jazzrock, medan dei andre i bandet ønskte å halde seg til den opphavlege stile deira. Bandet enda opp med å bli oppløyst då Sinclair og Miller slutta. Dei var med å skipe Hatfield and the North i lag med medlemmar av det førre bandet til Miller, Delivery. Hastings og Coughlan valde å halde fram som Caravan, og duoen henta inn bratsjisten Geoffrey Richardson, bassisten Stu Evans og klaverspelaren Derek Austin og turnerte mykje. Denne besetninga spelte ikkje inn musikk i lag før Evans vart erstatta av John G. Perry og Dave Sinclair kom attende i gruppa i 1973.
For Girls Who Grow Plump in the Night fekk god kritikk og synte at gruppa kunne overleve utan vokalisten Richard Sinclair. Jimmy Hastings tok seg av orkestreringa i lag med Martyn Ford og John Bell, medan Mike Ratledge frå Soft Machine medverka med det instrumentale stykket, «Backwards» som ein del av ein medley.
Innhald Alle songar skrivne av Pye Hastings, utanom der andre er nemnde.
Medverkande Caravan Pye Hastings – gitar, vokal Geoff Richardson – bratsj David Sinclair – orgel, piano, elektrisk piano, Davoli synthesizer, ARP-synthesizer på (2) John G. Perry – bass, vokal, perkusjon Richard Coughlan – trommer, perkusjon, paukar
Andre medverkande Rupert Hine – ARP-synthesizer (1, 2 & 6) Frank Ricotti – conga (2, 3, 5, 7) Jimmy Hastings – fløyte (1) Paul Buckmaster – elektrisk cello (7) Tony Coe – klarinett, tenorsaksofon (1) Pete King – fløyte, altsaksofon (1) Harry Klein – klarinett, barytonsaksofon (1) Henry Lowther – trompet (1) Jill Pryor – stemme (5) Chris Pyne – trombone (1) Barry Robinson – pikkolofløyte (1) Tom Whittle – klarinett, tenorsaksofon (1) Orkester arrangert av John Bell og Martyn Ford, dirigert av Martyn Ford
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «For Girls Who Grow Plump in the Night» frå , den 27. oktober 2019. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Caravan - For Girls Who Grow Plump in the Night (1973) på AllMusic.com Caravan - For Girls Who Grow Plump in the Night (1973) på Discogs.com Caravan - For Girls Who Grow Plump in the Night (1973) på ProgArchives.com
Kategori:Caravan-album Kategori:Musikkalbum frå 1973 Kategori:Deram Records-album Kategori:Album produserte av Dave Hitchcock