iPhone 11 ein smarttelefon designa, utvikla og marknadsført av Apple Inc. Han utgjer saman med iPhone 11 Pro og iPhone 11 Pro Max den trettande generasjonen iPhone-telefonar og vart annonsert 10. september 2019 i Steve Jobs Theater i Apple Park-kampusen. Telefonen vart utgjeven 20. september 2019, dagen etter operativsystemet iOS 13 vart offentleg tilgjengeleg.

Dei mest prominente endringane samanlikna med 2018-modellen iPhone XR er ein oppgradert prosessor, Apple A13 Bionic, og eit dobbelt kamerasystem med vidvinkel. iPhone 11 kjem med ein 5W-ladar, medan dei meir kostale iPhone 11 Pro-modellane kjem med ein 18W-ladar som går via USB-C til Lightning.

Kjelder

Bakgrunnsstoff Offisiell nettstad

Kategori:iPhone Kategori:Mobiltelefonar introduserte i 2019