Aleksandr Nikolajevitsj Maltsev () er ein russisk tidlegare ishockeyspelar frå landsbyen Setkovskij i Kirov oblast. I tida 1969-83 vann han ni VM-gull og to OL-gull for Sovjetunionen.
Venstrevengen Maltsev danna i 1970-åra, saman med Vladimir V. Petrov og Boris Mikhajlov, ei berømt fyrsterekke på Sovjetunionen sitt landslag i ishockey. Han vart verdsmeister fyrste gongen i 1969, 14 år seinare var han med om å vinne sin niande VM-tittel. Maltsev vart olympisk meister under Vinter-OL 1972 og Vinter-OL 1976.
Maltsev spelte på Dynamo Moskva frå 1967 til 1984. Gjennom 17 sesongar skåra han 329 mål på 530 kampar. Hans einaste nasjonale triumf kom då Dynamo i 1972 vann den sovjetiske ishockeycupen.
Kjelder <div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Alexander Nikolajewitsch Malzew» frå , den 13. november 2019.
Kategori:Sovjetiske ishockeyspelarar Kategori:Russiske ishockeyspelarar Kategori:Olympiske medaljevinnarar i ishockey Kategori:Olympiske meistrar for Sovjetunionen Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Sovjetunionen Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1972 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1972 Kategori:Ishockeyspelarar under vinter-OL 1972 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1976 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1976 Kategori:Ishockeyspelarar under vinter-OL 1976 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1980 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1980 Kategori:Ishockeyspelarar under vinter-OL 1980