Valerij Borisovitsj Kharlamov () var ein russisk ishockeyspelar frå Moskva som i tida 1969-79 vann åtte VM-gull og to OL-gull med Sovjetunionen sitt landslag i ishockey. Han og kona hans omkom i ei trafikkulukke ved Solnetsjnogorsk.
Venstrevengen Kharlamov spelte på CSKA Moskva frå 1967 til han døydde. Med laget til sovjet-hæren vart han sovjetmeister heile elleve gongar. Frå 1969 til 1980 deltok Kharlamov i samtlege verdsmeisterskap og olympiske vinterleikar på Sovjetunionens dominerande ishockeylandslag og fekk medalje i alle 14 turneringane (10-3-1). Han vart verdsmeister 1969-71, 1973-75 og 1978-79 og olympisk gullmedaljør i 1972 så vel som i 1976.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Waleri Borissowitsch Charlamow» frå , den 16. november 2019.
Kategori:Sovjetiske ishockeyspelarar Kategori:Russiske ishockeyspelarar Kategori:Olympiske medaljevinnarar i ishockey Kategori:Olympiske meistrar for Sovjetunionen Kategori:Olympiske sølvmedaljevinnarar for Sovjetunionen Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1972 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1972 Kategori:Ishockeyspelarar under vinter-OL 1972 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1976 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1976 Kategori:Ishockeyspelarar under vinter-OL 1976 Kategori:Medaljevinnarar under vinter-OL 1980 Kategori:Sovjetiske deltakarar under vinter-OL 1980 Kategori:Ishockeyspelarar under vinter-OL 1980 Kategori:Døde i trafikkulukker Kategori:Folk frå Moskva