Angels Egg er det fjerde studioalbumet til den progressive rockegruppa Gong, gjeve ut på Virgin Records i desember 1973.
Det vart spelt inn ved hjelp av Manor mobile studio i fellesheimen til Gong, Pavillon du Hay i Voisines i Frankrike og miksa i The Manor i Oxfordshire i England. Albumet vart produsert av «Gong under rettleiing av Giorgio Gomelsky».
Angels Egg er det andre albumet i trilogien Radio Gnome Invisible, etter Flying Teapot og før You. Trilogien dannar ein sentral del i Gong-mytologien. Den originale albumtittelen hadde ikkje ein apostrof i tittelen.
Den originale vinylutgåva kom med eit hefte som i større grad forklarte mytologien, inkludert tekstar, ei ordliste og omtalte av karakterane i soga og bandmedlemmane. Denne utgåva hadde òg eit dobbeltfalsa omslag (som dei seinare utgåvene ikkje hadde).
CD-utgåva på Virgin Records, og den seinare nyutgjevinga på Charly Records inneheld eit ekstra spor: «Ooby-Scooby Doomsday or The D-day DJ's Got the D.D.T. Blues», som endar med eit mannskorglissando (truleg ein parodi på Pink Floyd sin «Echoes»), og byrjar med «Ahhhh» og endar med «Chooo», som eit nys.
Innhald
Den instrumentale delen på slutten av «Sold to the Highest Buddha» vert omtalt som «6/8 sax» i plateomslaget, og vart eit eige stykke kalla «6/8» på Gong Live Etc. «Selene» er ein heilt annan song enn den med same tittelen på eit tidlegare Gong-album, Camembert Electrique.
Seinare CD-utgåver ha fleire bonusspor, inkludert demoversjonar.
Medverkande Merk: Pseudonyma er valde ut av Daevid Allen og står oppført i plateomslaga. Dei verkelege namna er synt i parentes. Shakti Yoni (Gilli Smyth) – kviskring frå verdsrommet T. Being esq. (Mike Howlett) – bass Sub. Capt. Hillage (Steve Hillage) – sologitar Hi T. Moonweed (the favourite) (Tim Blake) – synthesizer Pierre de Strasbourg (Pierre Moerlen) – trommer, vibrafon, marimba Mirielle de Strasbourg (Mireille Bauer) – klokkespel Dingo Virgin (Daevid Allen) – vokal, gitar
Kjelder
<div class="references-small"> Denne artikkelen bygger på «Angel's Egg (album)» frå , den 17. november 2019. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Musikkalbum frå 1973 Kategori:Konseptalbum Kategori:Gong-album Kategori:Britiske progressive rockealbum Kategori:Space rock-album