Vikværsk eller viksk er målføret eller dialekten sum tradisjonelt vert tala av folk frå dei ytre områdi av Oslofjorden, altso frå Østfold og Vestfold i tillegg til nedre delar av Buskerud, Akershus og Telemark (Grenland). «Vikamålet», det vil segja den tradisjonelle arbeidarklassedialekten i Oslo, vert ikkje rekna til denne gruppa, men til midtaustlandsk.
Serdrag
Vokalar i trykkveik staving Mange serkjenne ved vikværsk kjem fram nær ein sér korleis dei tre trykkveike norrøne vokalane i a u hev utvikla seg. Hovudregelen er sum slik:
Norrøn i og u hev falle saman i e. Norrøn a hev vorte til e, æ og a: e nær norrøn a stod i slutten av eit ord. æ føre ståande r a – eller æ sume stader – nær norrøn a havde ein annan konsonant enn r etter seg.
Desse bøyingsmønstera syner det sum hev skjedd:
Norrønt vísu – vísuna – vísur – vísurnar > vikværsk ²viːse – ²viːsa – ²viːser – ²viːsene 'vise'. Norrønt gest – gestinn – gestir – gestirnir > vikværsk ¹jest – ¹jesten – ²jester – ²jestene 'gjest'. Norrønt hest – hestinn – hestar – hestarnir > vikværsk ¹hest – ¹hesten – ²hestær – ²hestane 'hest'. Norrønt kasta – kastar – kastaði – kastat > vikværsk ²kaste – ²kastær – ²kasta – ²kasta 'kaste'.
Jamvekt nær ein trykkveik a fylgde etter ei trykksterk «lett» staving (med ein kort vokal og ein kort konsonant), vart han ikkje nedsett til e i slutten av ord, men blei verande a. Detta fenomenet vert kalla jamvekt i norsk målføregransking. Jamfør ordpara nedanfor, der «I-ord» hev nedsetjing til e, av di fyrste stavingi er «tung» (ho hev lang vokal og/eller lang eller dobbel konsonant), og «II-ord» ikkje hev nedsetjing, fordi fyrste stavingi er «lett». Detta er opphavet til kløyvd infinitiv:
I Ord med «tung» fyrstestaving i norrønt Norrønt kasta 'kasta' (gjerningsord; nemneform) > vikværsk 2kaste Norrønt enda 'ende' (namnord; underfall eintal) > vikværsk 2ene II Ord med «lett» fyrstestaving i norrønt; «jamvektsord» Norrønt koma 'kome' (gjerningsord; infinitiv) > vikværsk 2koma Norrønt posa 'pose' (namnord; underfall eintal) > vikværsk 2poːsa
I utkanten av det vikværske området verkar ikkje jamvektsregelen, og ein finn 2kome og 2poːse i staden fyr 2koma og 2poːsa. Detta «utkantområdet» umfattar Grenland, Larvik og søndre Østfold.
Jamvekta påverka au trykkveik norrøn u, sum i jamvekstord tradisjonelt hev blitt uttala u og ʉ i vikværsk, men slike former hev halde seg mindre:
Norrønt hosa 'hose' (namnord; underfall eintal) > vikværsk 2huːsu Norrønt svǫlu 'svale' (namnord; underfall eintal) > vikværsk 2sʉːɽʉ
Andre uttaledrag
Tjukk l er utbreidd over store delar av Austlandet generelt, men er au verd å nemne. Han hev utvikla seg frå sogeleg l og rð. Dialekten i Kragerø manglar tjukk l, sum tidlegare helder ikkje var i bruk i dialektane i Langesund og Brevik. Uttale av t i utlyd (i bunden form eintal inkjekjønn) sør i Austfold sum i mange svenske målføre: 1hʉːset 'huset'. Sogeleg hv [hw] vart i eldre vestfold- og grenlandsmål uttala gv, og stend att i faste uttrykk i dag: de 1jek soː de 1gvæin 'det gjekk så det kvein'.
Namnord I vikværsk vert alle dei tre grammatiske kjønna nytta, sum i alle andre norske målføre enn bergensk: Ubestemt eintalBestemt eintalUbestemt fleirtalBestemt fleirtalHankjønneːn 1biːl1biːlen2biːlær2biːlane/2biːlæneHokjønneː/æi 1brʉː1brʉːa/1brʉːæ2brʉːer2brʉːeneInkjekjønnet 1hʉːs1hʉːse/1hʉːset1hʉːs/2hʉːser1hʉːsa/2hʉːsene
Andre serdrag
Eit anna karakteristisk fenomen er ordet ente (ikkje) sum spesielt kann høyrest i Østfold, men au i forma inte i eldre vestfoldske dialektar. Detta kann vera eit døme på ein austleg språkpåverknad, då ordet fyr ikkje på rikssvensk er inte.
Sjå au
Andebumål Grenlandsmålet
Kategori:Hn/Mål Kategori:Hn/Norskt mål