Bekkenbotnen er ei samling musklar nedst i bekkenet. Det har som føremål å halda opp dei indre organa. Bekkenbotnmuskulaturen består av musculus levator ani og musculus coccygeus. M. levator ani er stor og vifteforma, og består i sin tur av musculus iliococcygeus, musculus pubococcygeus og musculus puborectalis. Han ligg som ei trakt rundt endetarmsopningen.

Muskulaturen i bekkenbotnen tener til å lyfta og dermed auka intrapelvisk og intraabdominalt trykk. Dette har ein fysiologisk funksjon ved tvinga anding, hoste, nysing, brekking, urinering, defekasjon og fødsel.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Bäckenbotten» frå , den 2. februar 2020. oppgav desse kjeldene: Bäckenbotten och bålstabilitet på www.balansboll.nu

Kategori:Bekkenet Kategori:Fysiologi