Dante Michelangelo Benvenuto Ferruccio Busoni () var ein kosmopolitisk komponist, pianist og pedagog. Han var verksam i Finland, USA, Sveits, Tyskland og fleire andre land.
Liv Bussoni var fødd i Empoli i provinsen Firenze i Italia.
Busoni var ein av dei fremste representantane for den musikalske nyklassisismen, både musikalsk og teoretisk. Han grunnla ei eiga retning som han kalla Junge Klassizität. I det teoretiske skriftet Entwurf einer neuen Ästhetik der Tonkunst tek han for seg grunndraga i denne.
Busoni skreiv både dei teoretiske skriftene sine og librettoane til operaene sine på tysk, sjølv om italiensk var morsmålet hans.
Nokre av transkripsjonane hans av verka til store meister er blitt kalla «formidable» av kritikarar.
Busoni gifta seg i september 1890 med den svenskfødde pianisten Gerda Sjøstrand, som var dotter av bilethoggaren Carl Eneas Sjöstrand.
Han døydde i 1924 i Berlin.
Verk (utval)
Operaer
Die Brautwahl (1911) Turandot (1917) Arlecchino (1917) Doktor Faust, fullført av Philipp Jarnach (1925)
Orkesterverk
Pianokonsert for piano, orkester og mannskor (1904) Turandot, suite for orkester (1904)
Pianoverk
Fantasia Contrappuntistica (1910) som delvis bygger på Johann Sebastian Bachs Kunst der Fuge Pianosonatine nr 6 (1920) Italiensk dagbok (Italienisches Tagebuch)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Ferruccio Busoni» frå , den 28. mars 2020.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Italienske pianistar Kategori:Klassisistiske komponistar Kategori:Italienske komponistar Kategori:Folk frå Empoli Kategori:Komponistar frå 1800-talet Kategori:Komponistar frå 1900-talet