Ishockey under vinter-OL 1976 vart arrangert i tida frå 2. til 14. februar 1976 i Innsbruck. Kampane vart avvikla på to ulike arenaer i OL-byen, Olympiahalle og Messehalle. Sovjetunionen tok gull, Tsjekkoslovakia sølv og Vest-Tyskland bronse.
Turneringa 12 land deltok i turneringa, som tok til med ein cuprunde. Vinnarane av dei seks cupkampane møttest så til seriespel. Medaljane vart fordelte etter poenghaust og innbyrdes målskilnad.
Finalerunda Plass Lag Kampar Sigrar Uavgj. Tap Målskår Poeng 1 5 5 0 0 40 - 11 10 2 5 3 0 2 17 - 10 6 3 5 2 0 3 21 - 24 4 4 5 2 0 3 19 - 18 4 5 5 2 0 3 15 - 21 4 6 5 0 0 5 9 - 37 0
Sovjetunionen sitt meistermannskap Målvakter: Vladislav Tretjak, Aleksandr Sidelnikov Forsvarar: Valerij Vasiljev, Vladimir Lutsjenko, Jurij Ljapkin, Gennadij Tsygankov, Sergej Babinov, Aleksandr Gusev Løparar: Boris Mikhajlov, Valerij Kharlamov, Aleksandr Maltsev, Vladimir V. Petrov, Aleksandr Jakusjev, Vladimir Sjadrin, Boris Aleksandrov, Viktor Sjalimov, Sergej Kapustin, Viktor Zjlutkov.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Olympische Winterspiele 1976/Eishockey» frå , den 19. april 2020.
Kategori:Øvingar under vinter-OL 1976 Kategori:Ishockey under OL Kategori:Ishockey i 1976