DS «Ryvingen» (kallesignal HFGP - MFRS) var eit dampskip bygt i 1891 som lasteskip for Jens Meinich & Co i Kristiania. I 1915 vart det kjøpt av Det Bergenske Dampskibsselskab (BDS) og omdøypt DS «Lupus» før det i 1917 vart oppbrakt av den tyske ubåten «UC 43» og hamna på tyske hender.

Historie Skipet vart bygt ved Grangemouth Dock Yard Co. i Grangemouth i Skottland og levert til Jens Meinich i mars 1891. I 1893 vart skipet overteke av A/S Ryvingen og B.Heyerdahl, før det i september 1895 vart selt til Thv. Johnsen & Co.

Hans Hansen kjøpte skipet i november 1905 og det fekk heimehamn på Akureyri på Island. I mars 1909 kom skipet attende til Noreg då Den Norske Creditbank og Fred Olsen tok over skipet. Peter Lindøe med fleire kjøpte skipet til Haugesund i juni 1910. I 1911 forliste skipet og sokk, men vart reparert ved Stavanger Støberi & Dok og fekk då heilt ny innreiing.

Det Bergenske Dampskibsselskab kjøpte skipet for 152 516 kroner i mai 1915 I januar 1917 vart skipet oppbrakt av den tyske ubåten «UC 43» i Den engelske kanalen og ført til tysk hamn og prisedømt. Skipet hadde då vore på reise frå Øyerhavn i Hardanger til Rotterdam med 300 tonn pyritt og 69 kassar fiskehermetikk. Det hamna då under Det tyske riket og Reichskommisar fur Seeschiffahrts med Hamburg som heimehamn. I 1921 fekk skipet namnet «Elbe». Skipet vart selt til R. Neugebauer & Co i Hamburg i 1926 for opphogging.

Skipet Tonnasjen til skipet var ved levering 539 brt, 245 nrt og lasteevna var 700 dødvekttonn. Volumet i lasterommet var 834 m³. Hovudmaskinen var ein kolfyrt tresylindra ekspansjon dampmaskin, levert av Richardsons, Westgarth & Co i Middlesborough. Oppgjeven yting var 94 iHk (indikerte hestekrefter) og 500 nominelle hestekrefter som gav ein toppfart på 10 knop. I 1903 fekk skipet ny donkeykjel og i 1909 ny hovudkjel ved Nylands verksted.

Sjå òg Flåten til Det Bergenske Dampskibsselskab

Kjelder

Kategori:Norske dampskip Kategori:Norske lasteskip Kategori:BDS-eigde fartøy Kategori:Skip bygde ved Grangemouth Dock Yard Kategori:Skip frå 1891 Kategori:Skip sluttsegla i 1926